Flora kommune krev fjerning av gjerde

Hans Hjorteset i Mesta

Hans Hjorteset i Mesta

Artikkelen er over 2 år gammel

Flora kommune har bede Statens vegvesen fjerne leiegjerdet på Evja innan 16. juni, og påpeikar at dei ikkje hadde løyve til å sette det opp. Vegvesenet nøler.

DEL

Mange vart opprørte då det i vår plutseleg kom opp hønsenetting-gjerde på begge sider av vegen ved fotgjengarovergangen på Evja i Florø.

Flora kommune har no kravd fjerning av gjerdet som framleis står, men vegvesenet nøler med å etterkomme kravet.

Sende brev

1. juni sende Vidar Vårdal i Flora bygg og eigedom brev til Statens vegvesen, på vegner av grunneigar Flora kommune.

Her kravde han fjerning av gjerdet innan midten av juni.

– Statens vegvesen har sett opp leiegjerde i samband med at Sykkelbyen Florø har fått godkjent å etablere ein telestasjon for syklar i området. Grunneigar har ikkje vorte kontakta i samband med oppsetting av gjerde, og har ikkje fått uttale seg om materialval eller utforming. Gjerdet er sett opp utan grunneigar si godkjenning, skriv Vårdal til vegvesenet.

– I den grad det er behov for eit leiegjerde, må gjerdet få ei utforming og materialval av «bymessig» karakter. Gjerde må og få ei utforming som gjer det mogleg å utføre vintervedlikehald av gang- og sykkelvegen. Før nytt gjerde vert sett opp, må det ligge føre godkjenning frå grunneigar, slår Vårdal fast.

– Grunneigar krev at gjerde som står der i dag vert fjerna snarast, og innan 16.06.2017, avsluttar han.

(Saka held fram under bildet)

Hans Hjorteset i Mesta, som hadde fått i oppdrag å sette opp gjerde.

Hans Hjorteset i Mesta, som hadde fått i oppdrag å sette opp gjerde.

– Vi fekk klarsignal

Statens vegvesen på si side hevdar at dei har fått klarsignal frå Flora kommune.

Dei leverte skisse over gjerdet i slutten av 2016, og fekk svar frå Flora kommune med ny og tilpassa skisse.

– Dette tolka vi som eit klarsignal for å etablere gjerdet. Når gjerdet skulle forlengast vart dette igjen avklara med Sykkelbyen Florø og drift i Flora kommune. Vi fekk klarsignal for løysinga den 08.03.17 på e-post, skriv seksjonsleiar Vigdis Lobenz og sakshandsamar Ann Kristin Nes i svaret til Flora kommune.

Vi ønsker at ein skal kunne ha uformell kontakt i slike saker. Vi ser at det ikkje fungerer og vil i framtida sende alt per brev.

Statens vegvesen

Når det gjeld materialval meiner Lobenz dei har sett opp eit «vanleg gjerde».

– Det er framleis ikkje klart kor lenge dette skal stå. Det hasta å få dette på plass, og med knappe ressursar på så kort varsel var det dette vi fekk til. Dersom gjerde vert permanent vil vi vurdere om det skal skiftast. Det vil vere avhengig av kva som skjer med eigedommen og den kommunale Markegata, skriv dei.

Vegvesenet hevdar dei har handla i god tru, og har opplevd at dei har hatt dialog med kommunen, og fått klarsignal for løysinga.

– Dersom kommunen vil ha dette fjerna skal vi gjere det, men vi kan ikkje love noko anna gjerde med det første. Vi ønsker at ein skal kunne ha uformell kontakt i slike saker. Vi ser at det ikkje fungerer, og vil i framtida sende alt over per brev for å få avklaringar, avsluttar dei.

Tvinge syklistar

Susanne Stølheim Aasen i Statens vegvesen sa til Firdaposten i mai at gjerda kom opp etter at dei hadde vore på gangfeltinspeksjon på riksvegane i fylket.

– I Florø var det tydelege sykkelspor slik at vi såg at folk sykla utanom sperra som var sett opp, og rett ut i vegen. Då må vi prøve å få det til slik at syklistane blir tvinga gjennom bommen for å dempe farten før dei når vegen.

Ho beklaga då at hønsenettinggjerdet var sett opp, og lova å få på plass eit leiegjerde av smijern i staden. Det vil gjere langt mindre ut av seg, sa Stølheim Aasen.

(Saka held fram under bildet)

Gjerdet ved overgangsfeltet på Evja vart fjerna etter kort tid.

Gjerdet ved overgangsfeltet på Evja vart fjerna etter kort tid. Foto:

Sykkelbykoordinator Catherin Secher i Flora kommune var svært frustrert over situasjonen. Ho meinte vegvesenet motarbeidde sykkelbyarbeidet ved å gjere det vanskelegare å vere syklist i Florø: Her ser du ein bom og ein bommert

Nokre dagar etter at vegvesenet var intervjua i Firdaposten, dukka det plutseleg opp eit nytt hønsenettinggjerde på andre sida av hovudkrysset på Evja: Dei hadde knapt teke ned nettinggjerdet, før dei måtte sette det opp att tvers over gata

– Det ser heilt forferdeleg ut. Vi vil gjerne at Statens vegvesen set opp eit ordentleg gjerde, i staden for dette, uttalte då ein frustrert sykkelbykoordinator Catherin Secher i Flora kommune.

– Men då eg kommuniserte dette til Statens vegvesen, peika dei på at pengekassa var tom. Dei peika også på at gjerdet er mellombels, fordi det snart kan skje noko i saka om ny innfartsveg gjennom Markegata aust, sa Secher til Firdaposten i slutten av mai.

Artikkeltags