Det er 25 år sidan seksårsreforma vart innført. Den senka alderen for skulestart frå sju til seks år.

Leiken hadde ein sentral plass i reforma, og det første skuleåret skulle ha eit klart førskulepreg. Framleis er det lagt mykje vekt på leik, men i mindre grad enn tanken var, viser ein evalueringsrapport som vart lagt fram tysdag. Særleg har det vorte mindre av at barna sjølv tek initiativet og driv spontan frileik og rolleleik.

Det kan bety at barna i dag må innrette seg på eit meir lyttande og oppgåvefokusert klasserom enn dei barna som starta skulen i 2001, lyder konklusjonen.

Lese og skrive før jul

Det har vore ein relativt kraftig auke i tida elevane bruker på å lære bokstavar, skriftleg språk og grunnleggjande rekneferdigheiter, ifølgje rapporten.

– Nesten åtte av ti lærarar forventar at barna skal kunne lese før jul. Det typiske er at elevane skal lære to bokstavar i veka, og dette byrjar dei med allereie første veke på skulen, seier professor Elisabeth Bjørnestad frå Oslomet som har leidd arbeidet med evalueringa.

Funnet er overraskande, meiner Bjørnestad, sidan kravet om at barn skal lære å lese i førsteklasse ikkje har lege i nokon av lærarplanane frå denne perioden. Ho spør om det kan ha samanheng med kartleggingsprøvene som vart innførte i 2009, men forskinga gir førebels ikkje svar på dette.

Meir variert skuledag

Sjølv om læraren styrer meir av aktiviteten i klasserommet, møter dagens seksåringar ein meir variert skulekvardag der det blir lagt til rette for både leik og læring, påpeikar forskarane.

Uteskulen ser også ut til å ha vakse fram dei siste 20 åra. I dag oppgir nesten alle at dei har uteskule, og dei fleste har dette ein eller fleire dagar i veka.

Hovudfunn i rapporten:

* Det er større variasjon i aktivitetane i klasserommet.

* Det har vorte mindre leik på premissane til barna.

* Klasserommet har vorte meir lærarstyrt.

* Lærarane legg meir vekt på at elevane skal lære seg bokstavar og grunnleggjande rekneferdigheiter.

* Det har vorte mykje færre barnehagelærarar i skulen.

– Låg status

Skuleleiarar etterlyser meir kompetanse for å jobbe med dei yngste elevane. Dei er bekymra for at det er upopulært blant lærarane å undervise på første trinn. Ein del lærarar har også hatt eit gammaldags syn på korleis undervisning skal gå føre seg, ifølgje nokre skuleeigarar.

Bjørnstad meiner å sjå ei endring i forståinga av behova til seksåringane. Ho understrekar at dette er ei kompleks aldersgruppe som står i eit brytningsfelt i motorisk og kognitiv utvikling.

– Å undervise førsteklasse har hatt låg status sidan seksåringane kom inn i skulen. Den nye gruppa studentar som no kjem ut i arbeidslivet, har ei anna erfaring med og kunnskap om seksåringane enn dei som var lærarar den gongen reforma vart innført, seier ho.

Sluttrapport 2024

Det er Stortinget som har bede om at reforma skal evaluerast. Delrapporten som vart lagt fram tysdag skal følgjast opp med ytterlegare ein undervegs-rapport neste år og ein sluttrapport i 2024.

– Vi skal ha ein skule der alle elevane kan trivast, lære og oppleve meistring. Det er viktig at seksåringane opplever ein god skulestart og får ein god overgang frå barnehagen. Derfor er eg glad for at vi endeleg er i gang med denne evalueringa, sa kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) då ho fekk evalueringa.

(©NPK)