Evakuering etter lekkasje på basen

Det er ikkje meldt om personskade, og lekkasjen skal etter det politiet kjenner til vere stoppa.

DEL

Det var ei hending med lekkasje av flytande væske på Fjordbase si kai F ved 13.00 tida i dag.

– Vinden står slik til at det ikkje er rekna med at gass skal spreie seg på land. Lekkasjen skal vere stoppa. Det er ingen personskade så langt politiet kjenner til, seier Per Algrøy, operasjonsleiar ved politidistrikt Vest.

Informasjonsansvarleg i beredskapsteamet på Fjord Base, Beate Grønnevik informerer om at alle er bedne om å forlate nærliggande område til utsleppet og dei næraste bygga til staden der utsleppet skjedde har no slått av ventilasjonen.

Både politi, brann og helsepersonell var raskt på staden.

– Vi held no på med å samle informasjon om saka, og så raskt vi har informasjon kjem vi til å ta kontakt, seier pressetalskvinne i MI Swaco Schlumberger, Lianne Olsen.

Dei informerer til beredskapsteamet at personell som har blitt eller er uroa for at de har blitt eksponert mot kjemikaliet eller aerosoler i samband med lekkasjen, ikkje har grunn til å frykte akutt fare. Utover øyekontakt, er det ingen akutt fare ved dette. Denne kjemikalien vil ikkje frigi farleg gass.

– Vi vurderer øyekontakt som mest akutt. Fjern kontaktlinser og skyll med vann eller øyeskyll i minst 15 minutt.

Ved hudkontakt, skyll godt med vann og observer for eventuelle reaksjon over tid.

Firdaposten får opplyst at i alt 18 personar har blitt kontrollerte etter å ha vore i kontakt med væska.


Artikkeltags