Dei seks siste åra har årsresultatet vore jamnt stigande for butikken som sel oss billege plantar, koppar og kar, vaskemidlar og hagemøblar - og ein masse ting vi ikkje visste at vi trong. Dagleg leiar Thomas Mikkelsen er sjølvsagt nøgd.

Litt av alt

– Det skjedde noko då vi flytta opp hit, og i oktober 2020 utvida vi. Det betydde mykje at vi fekk større lagerkapasitet, for det vi hadde var ikkje mykje å skryte av. Vi måtte stort sett gå tom for ting før vi kunne bestille inn nytt, forklarar han.

Dei er no 12 til sette i butikken, men berre to av dei går fulle stillingar. Til saman har butikken sju årsverk, og halvparten av dei tilsette er studentar.

Vareutvalet på Europris er stort, og spenner frå hårspenner til hagemøblar. Men kva er det vi handlar på billegbutikken, som gjer at resultatet har stige for kvart år?

– Folk handlar jo litt av alt, men i fjor sommar blei eg veldig overraska over at det tok heilt av med jord, blomster og bark - og det skjedde tidleg. Eg har aldri før opplevd at leverandøren har gått tom, men det skjedde då. Det var tydeleg at folk skulle tilbringe sommaren heime. Elles går det veldig mykje i vask - og hygieneartiklar og andre typar daglegvarer.

– For eigen del, har eg oppdaga at når eg går inn på Europris for å sjå etter noko, så kjem eg alltid, utan unntak, ut igjen med noko - sjølv om eg ikkje fann det eg skulle ha. Er det fleire som har det slik, trur du?

– Det får eg ofte høyre i kassen, ja! ler Mikkelsen.

– Folk som berre skulle ha ein ting går inn i butikken utan korg, og så har dei stabla famnen full når dei kjem og skal betale: «Eg skulle berre ha denne», seier dei og viftar med ei sjampoflaske. Men det er jo litt av poenget - at vi skal greie å freiste dykk mest mogleg! slår han smilande fast.

Han trur at både standarden på varene og den generelle standarden på butikken gjer sitt til at folk handlar.

– Begge deler er blitt veldig mykje betre enn det var for nokre år sidan. Pluss at vi er meir aktuelle. Før var det gjerne slik at når ein ting var på veg ned, så kom vi etter. No satsar vi mellom anna på interiør og heimtekstilar, og følgjer meir med på trendane.

Og kva folk etterspør kan vere vanskeleg å føresjå. Nyleg forsvann alle vassdunkane i butikken ut på nokre timar, då det blei fokus på beredskap i samband med krigen i Ukraina.

– Då selde vi like mykje på ein dag som vi normalt gjer på tre-fire månadar.

Spår prisauke

Krigen kan også få andre konsekvensar for varetilgangen. Mikkelsen fortel mykje av varene deira kjem langvegsfrå med containerskip.

– Eg las nyleg at omkring 15 prosent av mannskapet på desse skipa er frå Ukraina. Desse mennene er no kalla heim for å kjempe i krigen, og det er ikkje nødvendigvis så lett å erstatte dei. Det har allereie vore ein stor prisauke i år, og den er nok ikkje over, er eg redd. Det gjeld også auken i drivstoffprisar - gjer ikkje regjeringa noko der, ender rekninga hos oss som handlar.

– Ja, handlar du sjølv på Europris, altså?

– Ja...

Her dreg Mikkelsen faktisk litt på det. Han tenker seg om.

– Det blir vel litt daglegdagse ting - ungane skal ha laurdagssnop, til dømes. Forbruksvarer.

Så tenker han litt til.

– Eg har faktisk trampoline og hagegruppe herifrå, òg, smiler han.

– Så dei som seier at kvaliteten på varene til Europris er dårleg, dei tek feil?

– Det var nok litt slik før. Men produkta frå Europris skal vere gode nok til at ein får brukt dei til det ein skal, til ein overkommeleg pris. Hadde dei ikkje vore det, hadde vi ikkje hatt den veksten vi har, avsluttar han.