Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest har vedteke å opprette eit ekstraordinært korona-fond på 100 millionar kroner. Målet er å støtte lag og foreiningar på Vestlandet som vil tape pengar eller gå glipp av inntekter på grunn av koronaepidemien.
– Ekstraordinære tider krev ekstraordinære tiltak. Difor har vi raskt snudd oss rundt og vedteke ei betydeleg tildeling for å kompensere for bortfall av inntekter til lag og foreiningar som står for svært viktig og verdifullt arbeid for å sikre gode fritidsaktivitetar for barn og unge over heile Vestlandet, seier Hallgeir Isdahl, styreleiar i Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest i ei pressemelding.
- Det er barn og unge som risikerer å bli taparane etter denne krisa viss laga og organisasjonane dei er ein del av, ikkje overlever krisa. For oss er det viktig at lag og organisasjonar kan halde fram arbeidet sitt så snart det blir mogleg å samlast att. Den økonomiske krisa vil sannsynlegvis vare lenger enn helsekrisa. Mange familiar vil få større utfordringar med å finansiere barna sine fritidsaktivitetar, samtidig som sponsormarknaden for lag og organisasjonar vil krympe. Det ønsker vi å bøte på, esier Bjørn Thømt, daglig leder i Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest.
Tildelingskriteria for fondet på 100 millionar kroner vil bli definert og offentleggjort seinare, og dei som vil søkje skal gjere det digitalt. Det vil kome informasjon på Sparebanken Vest sine heimesider.