Gå til sidens hovedinnhold

Erna Solberg til VG: Klart for trinn tre i gjenopninga

Noreg ligg i rute til neste steg i gjenopningplanen, stadfestar statsminister Erna Solberg (H) til VG. Klokka 23 er det pressekonferanse, den ser du her.

– Det er gjort nokre justeringar, men i all hovudsak er trinn tre slik vi har gjort greie for tidlegare, seier ho til avisa utan å vilje gå konkret inn i kva som kjem på pressekonferansen klokka 13.

Statsministeren seier at det framleis vil vere behov for kontroll, særleg på grensa.

– Det kjem til å komme fleire folk fordi smittetrykket i mange land i Europa er på veg ned og det blir meir reising, seier ho.

Minkande smittetal, færre koronapasientar på sjukehusa og fleire som har fått både ein og to vaksinedosar, er bakteppet for at regjeringa no tek samfunnet endå eit skritt i retning tilbake til normalen.

Førre gjenopningstrinn vart sett i verk natt til torsdag 27. mai. Regjeringa har tidlegare sagt at dei vil bruke om lag tre veker til å vurdere situasjonen og gjere nødvendige analysar og vurderingar før ein vurderer å setje i verk neste trinn.

Kommentarer til denne saken