– Viss ein kjenner dei som bur i nabolaget sitt godt, og foreldra planlegg kven ein kan gå til, så er det mogleg å gå på «knask eller knep», seier Erna Solberg (H) til NTB.

Førstkommande laurdag, 31. oktober, er dagen då halloween tradisjonelt blir feira. For mange barn inneber det å kle seg ut og gå rundt i nabolaget på «knask eller knep» for å få godteri.

– Kan gå til kvarandre

Helsedirektør Bjørn Guldvog er klar på at årets «knask eller knep» bør blir noko forskjellig frå tidlegare år.

– Ein kan ikkje gå rundt til alle i nabolaget, slik ein kanskje tidlegare har gjort nokre stader, seier Guldvog.

Han seier at det likevel finst moglegheiter.

– Viss ein kjenner andre familiar i nabolaget godt, så kan ein planleggje å gå til kvarandre, seier han.

FHI med halloween-råd

Folkehelseinstituttet meiner at smitterisikoen ved «knask eller knep» kan reknast som låg dersom ein følgjer enkelte råd. Desse råda inneber mellom anna:

* Både dei som ringjer på og dei som opnar døra, må vere friske.

* Gå i små grupper og med dei ein er saman med til vanleg.

* Den som opnar døra, er den som deler ut godteri,; hugs reine hender, eller bruk skei/pølseklype.

* Vent med å ete godteriet til runden er ferdig og ein har fått vaska/sprita hendene.

* Ikkje del godteri.

Kan feire halloween med kohorten

Måndag vart det klart at regjeringa tillèt barn i barnehage og barneskule å feire bursdag og halloween med kohorten sin. Dermed gjeld ikkje regelen om maksimalt fem gjester på arrangement for dei minste.

– Barna skal få lov til å vere saman med ungar dei allereie er mykje saman med, sa kunnskapsminister Guri Melby (V) på koronapressekonferansen på måndag.

– Vi treng ikkje å vere like strenge overfor dei yngste som vi er med dei vaksne, la Melby til.

Det blir ikkje gjort unntak for elevar og unge vaksne som går på ungdomsskule og vidaregåande, eller som er studentar.

(©NPK)