Den verdsomspennande korona-pandemien gjorde det umogleg å arrangere den årlege hydrogenkonferansen på vanleg vis i Florø kulturhus. Det stoppar ikkje arrangørane. Florøbaserte Ocean Hyway Cluster og GCE Ocean Technology gjer konferansen heildigital. Verdsleiande aktørar frå heile 17 land står på talelista, og til å opne det heile har dei fått med seg sjølvaste statsminister Erna Solberg.

Vil utfordre

Den sittande regjeringa annonserte tidlegare i september at dei ønsker ei storsatsing på hydrogen, og at dei vil nytte statlege reguleringar og anbod for å skape etterspurnad etter fullskala hydrogenproduksjon. Målet er å redusere utslepp frå transport og industri.

Siri Odjik Solbakken, som har jobba mykje med å få programmet til årets konferanse på plass, seier at dei ønsker å utfordre Erna Solberg og regjeringa. Ho skal ikkje berre opne konferansen for å kaste glans over det heile.

– Regjeringa la fram si hydrogenstrategi i vår. Den var det ganske mange som blei litt skuffa over. Den mangla innhald, meinte mange. Men 11. september kom Erna på talarstolen og sa at no skal ein ha ein milliardsatsing på hydrogen. Det blei vi kjempeglade for, så på konferansen håper vi å kunne utfordre Erna på korleis Norge skal bli best og størst på hydrogen. Det er et kappløp nå, internasjonalt, og vi vil at Norge skal vinne.

Beste nokon gong

Deling av kunnskap og samarbeid er sentralt for å få på plass nullutsleppsløysingar for transport til havs. Hydrogenkonferansen, eller International Conference on Maritime Hydrogen and Marine Energy samlar difor alle hjørne av bransjen. Næringsliv, FoU, akademia, finans og offentlege verksemder. Saman håper dei å kunne løyse teknologiske utfordringar, og bidra til ein rein, stabil og berekraftig energiforsyning til kystsamfunn verda over.

Solbakken forsikrar om at konferansen på ingen måte blir noko dårlegare av å arrangerast digitalt. Snarare tvert om.

– Eg vil påstå at programmet er betre enn nokon gong. No har vi fått tak i verdas beste folk innan hydrogen og energi, frå heile 17 land. Det er mange her som er store stjerner innan dette feltet, som har moglegheit til å delta rett og slett fordi det er digitalt.

Konferansen går over to dagar, 14 og 15 oktober, og du finn programmet her: International Conference on Maritime Hydrogen and Marine Energy 2020