Svardal Bøe visste om seksuell omgang mellom Riise og rusa 16-åring

Erlend Svardal Bøe (H)

Erlend Svardal Bøe (H) Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Tidlegare generalsekretær Erlend Svardal Bøe i Unge Høyre stadfestar at ein alvorleg seksuell episode var tema i 2015.

DEL

Likevel blei Kristian Tonning Riise attvald som leiar i ungdomspartiet året etter, og Bøe var sekretær i valgkomiteen, skriv Aftenposten.

I forrige uke kunne Aftenposten avsløre at Kristian Tonning Riise hadde seksuell omgang med ein svært rusa 16-åring på eit fylkesårsmøte i 2014. Tre månader seinare blei Riise vald til leiar i Unge Høyre, trass i at dåverande generalsekretær var varsla.

Året etter tok Erlend Svardal Bøe frå Florø over som generalsekretær. Han har ikkje tidlegare ønska å svare på om han blei gjort kjent med tidlegare varsel då han tiltrådde som generalsekretær. Men no stadfestar han ovanfor Aftenposten at saka var eit tema då han tok over jobben.

Innstilte på attval

Bøe satt med informasjon om saken med 16-åringen samstundes som han var sekretær i valkomiteen som innstilte på attval, men seier at han ikkje informerte komiteen om saken.

– I ettertid ser eg at det burde eg heilt klart ha gjort, og det gjer meg vondt å tenke på. Eg forsto ikkje omfanget av hendinga og var ikkje klar over omstendene rundt. Det beklagar eg, skriv Bøe i ein SMS til Aftenposten.

Bøe seier til NRK at det gjekk rykte i partiet, mellom anna om alkohol og seksuell omgang.

 - Men det er også enkelte hendingar du kunne ha høyrd om, men som du ikkje visste detaljar om eller omstende rundt. Og det skulle ein sjølvsagt gått i djupna på. Det er det vond å tenkte på at ein ikkje gjorde. Det er nok mange som kjenner på det ansvaret. Eg er ein av dei, seier han.

Var venner

Han seier vidare at han og Tonning Rise var venner, men at dette ikkje er eit argument for at ting ikkje skal bli tatt opp, og at det blei gjort.

- Enjekte ting har vore utfordrande ved enkelte høve, men det har ikkje vore til hinder for at ting har blitt tatt opp. Så skjønner eg at andre har opplevd det som vanskeleg å ta opp ting med meg fordi ein oppfattar at relasjonen har vore vennskap. Men i politikken skal ein vere profesjonelle og klare å ta opp vanskelege ting, seier han til NRK.

Til avisa Nordlys seier Bøe at han den gang ikkje vurderte å kreve Riise sin avgang som ein av sine sanksjonsmoglegheiter;

– No i ettertid har eg kjent veldig på at det var ein sanksjonsmoglegheit eg hadde. Det beklagar eg. Det er vanskeleg å skulle fremje noko slikt ovanfor ein person som var din eigen leiar og arbeidsgjevar, seier Bøe.

Høgre opplystte måndag at dei har fått inn totalt 21 varsel om upassande oppførsel, fordelt på 12 personar. Ti av varslene gjeld Kristian Tonning Riise – tidlegare leiar av ungdomspartiet og stortingsrepresentant frå Hedmark. Han er for tida sjukemeldt.

Artikkeltags