Er du ung, likar å skrive og meinar noko om klimaet? Då må du lese dette.

Konkurransen er todelt - for dei under 14 og for dei under 21 år. 
Foto: Frank May / NTB scanpix
NB! MODELLKLARERT

Konkurransen er todelt - for dei under 14 og for dei under 21 år. Foto: Frank May / NTB scanpix NB! MODELLKLARERT Foto:

KONKURRANSE: Vestland fylke inviterer nemlig til skrivekonkurranse.

DEL

Konkurransen er delt i to klassar – ein for dei under 14 år og ein for dei under 21 år. I kvar klasse kan deltakarane velje mellom tre oppgåver dei kan svare på – alle med ulik tematikk.

Kan velje ulike tema og sjangrar

Tema barn og unge kan ta utgangspunkt i, er blant anna koronakrisa versus klimakrisa, skjulte miljøutfordringar, og kvifor er vi glade i naturen. Deltakarane kan skrive eit lesarinnlegg, ein skjønnlitterær tekst, skrive eit dikt, lage ein teikneserie eller anna om miljø og miljøutfordringar.

Konkurransen er del av prosjektet "Kjelda" ved seksjon for bibliotekutvikling i fylkeskommunen. Det handlar om å formidle kvalitetssikra kjelder og ressursar ein finn på sitt lokale folkebibliotek.

– Folkebiblioteka er ein sentral arena for å utveksle meiningar og kvalitetssikre kunnskap. Gjennom denne skrivekonkurransen tek vi tak i samfunnsutfordringane vi står overfor. Vi håpar på mange bidrag frå barn og unge om dette viktige temaet. Miljøutfordringane har mykje å seie for framtida deira, og vi meiner difor det er ekstra viktig at dei kjem til orde, seier Ruth Ørnholt, seksjonsleiar for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

Fristen for å sende inn bidrag er 12. juni, og du kan lese meir om konkurransen her. Innsende bidrag vert publiserte og viste fram på ulike måtar i etterkant av konkurransen.

Artikkeltags