Frå neste sesong i Premier League kan du lytte til kampane til dei norske stjernespelarane Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard direkte i lydappen Untold. Alle Amedias +Alt-abonnentar har tilgang til tenesta.

Amedia har inngått ein avtale med britiske talkSport om rettar for direktesend lyd frå alle kampane i Premier League for komande sesong. Dei vil ligge i Untold-appen, der Amedia er med på eigarsida og 350.000 Amedia-abonnentar har allereie tilgang gjennom +Alt-abonnementet sitt, i tillegg til at appen også er tilgjengeleg i den opne marknaden.

Den engelske fotballsesongen starter laurdag 12. august. Kampoppsettet for sesongen blir offentleggjort 15. juni.

– Premier League i øyret er ei senderett vi gler oss til å tilby alle som er fan av engelsk fotball. Amedia har allereie mange sterke sportsrettar på video, og no ser vi fram til å formidle lyden direkte når Erling Braut Haaland scorar og andre store fotballopplevingar frå Premier League i flere år framover gjennom Untold-appen, seier direktør for sportsutvikling i Amedia, Helge Birkelund.

Direktør for nye medium i Amedia, Arne Reginiussen, seier at utviklingsarbeidet for talkSport-sendingane er nesten ferdig og alle kampene vil vere tilgjengeleg i appen til seriestart i august.

– Dette er eit perfekt tilbod for dei som til dømes er på farten eller er utandørs medan kampane pågår, eller av andre grunnar ikkje har sjanse til å følgje sendingane frå Premier League på TV. Difor er vi glade for at vi no kan tilby dette til alle +Alt-abonnentane våre utan å auke prisen. Med direktesend Premier League og eksklusive podkastepisodar saman med det allereie omfattande sportstilbodet og meir enn 100 aviser, er dette eit sterkt produkt, seier han.

– Vi er nøgde med avtalen mellom talkSport og Amedia. Vi veit at det er stor interesse for Premier League i Norge. Med denne avtalen har vi sikra oss ein sterk partnar i den norske marknaden, seier Will Morley, som er ansvarleg for internasjonalt samarbeid i talkSport.

Dei som ikkje abonnerer på Amedias +Alt-produkt, har høve til å få tilgang gjennom å kjøpe Untold direkte til 69 kroner per månad.