Fredag då Erna og Bent gjekk på scena og fortalde om gjenopninga av Norge, gjekk søkemotorane for utanlandsreiser varme i den norske heimane. Men det halvanna året har passet ligge i skuffa. No når det blir plukka fram igjen er det nok dei som har pass som har gått ut på dato.

Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen fortel at det i dag er 8962 personar i Sogn og Fjordane som ikkje har gyldig pass. Og når reiseaktiviteten på nytt blir tatt opp igjen vil politiet få ei utfordring. I alle tilfelle om alle som skal ha pass kjem samstundes.

– Normalt skriv vi i Sogn og Fjordane ut om lag 14.000 pass i året, men om vi skal ta 9000 ekstra, så blir det ei utfordring, seier Johannesen.

Han fortel det mange stader i landet er svært lang ventetid på pass, opp til mange månadar enkelte stader.

– Dette vil vi unngå i Sogn og Fjordane. Vår oppmoding er difor at folk sjekkar passet sitt, og for alle som har pass som er gått ut og skal framleis ha gyldig pass, bestill time på politi.no så raskt som mogleg, ikkje vent til du skal ut og reise, seier han.

No har politiet ledig kapasitet både i Sogndal, Stad, Førde og Florø.

– Vi er også i ein prosess for å auka kapasiteten på pass/ID for å bli betre rusta til å ta unna det store etterslepet. Det vil bli tilsett i ein mellombels stilling både i Førde og Stad, medan det i Florø kjem ei ny fast stilling til denne tenesta, avsluttar politisjefen.