Spelar du Fantasy Premier League? Om ikkje er det kanskje i år du skal begynne? For i år kan du bli med i Firdaposten sin FPL-liga, og sidan sjefen framleis er på ferie tek vi sjansen på å lokke med ein valfri fotballdrakt i premie til den som stikk av med sigeren i vår lokale liga.

Kven er den beste Fantasy Premier League-spelaren i Kinn og Bremanger? Det er det vi håpar å finne ut!

Fantasy Premier League har blitt veldig populært dei siste åra. På verdsbasis er det ein stad rundt seks millionar menneske som spelar. I Norge er det mellom 170.000 og 180.000 spelarar.

Spelet er ganske enkelt å kome inn i. Du får eit budsjett, og må bruke det på å kjøpe inn femten spelarar. To keeperar, fem forsvarsspelarar, fem midtbanespelarar, og tre angriparar. Så plukkar du ut dei elleve som skal starte, og laget ditt får poeng rekna ut frå korleis spelarane gjer det i den verkelege Premier League.

Det er sjølvsagt mogleg å endre på laget sitt undervegs.

Målet med spelet er å sanke inn flest mogleg poeng i løpet av sesongen, og det gjer du altså ved at dei spelarane du har valt til ditt lag gjer det bra i røynda.

I år kan du altså vere med og konkurrere i Firdaposten sin FPL-liga. Etter å ha invitert spelarar til å vere med via Facebook onsdag kveld er vi allereie oppe i 30 deltakarar, men det er plass til fleire. Kan du slå naboen, eller kanskje Firdaposten sin journalist? Kanskje kan du vinne heile greia?

Slik gjer du om du vil vere med og konkurrere om å vinne vår lokale liga:

1. Logg deg inn på nettsida fantasy.premierleague.com

2. Er du allereie ein aktiv spelar, loggar du deg berre på med din egen bruker. Om du er nybegynnar, følger du instruksane for å lage din egen bruker. Det er gjort på et par minutt.

3. Du har 100 millionar fiktive pund til rådigheit. De «pengane» bruker du på å sette saman ein stall på i alt 15 spelarar. Du kan berre ha tre spelarar frå same klubb i stallen.

4. Trykk på fanen «leagues». Trykk deretter på fanen «create and join new leagues». Trykk på «join an existing league».

5. Trykk på «join private league» og legg inn følgande league code: ih1auh

Er du allereie ein aktiv spelar kan du også berre trykke her: Firdaposten sin FPL-liga