Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken, skriv Trygg Trafikk i ei pressemelding. Høge busker ved avkøyrsler, eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er naturleg nok eit aukande problem i sommarmånadane.

Ikkje berre mistar trafikantane sikt, men når skilt blir skjult av grøne buskvekstar kan dei også gå glipp av viktig informasjon.

Lovpålagt klipp

Trygg Trafikk ber no folk som bur langs trafikkerte vegar om å klippe hekkar og busker på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

– I desse dagar startar barna på skulen igjen og vi ønskjer at flest mogleg skal gå og sykle der det høver seg. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må vere synlege langs vegane, seier regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås.

Å syte for at det er fri sikt er så viktig at det er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som har ansvaret for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal vere god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

Ikkje høgare enn ein halv meter

Reglane er tydelege, skriv Trygg Trafikk. Står du tre meter inn i avkøyrsla di, skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde kan heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla. Er fartsgrensa på vegen avkøyrselen munnar ut i er det fire meter fris sikt inn, og 45 meter til kvar side som gjeld.

Trygg Trafikk viser her til Statens vegvesen si temaside om vegetasjonsrydding, og nettsida www.vegvesen.no.

– Det her gjeld mange stader i distriktet vårt. Mange er nok ikkje klar over dette, no må vi saman ta eit tak for å sikre best mogleg sikt og trafikktryggleik før skulestart, avsluttar Nestås.