Er det på tide å innføre «Nei til Kinn-skam»?

PODCAST: Benjamin Mellingen Thune og Beate Solheim Grønnevik i podcaststudio med Arne Hjorth Johansen. Tre superhelter på ein gong!

PODCAST: Benjamin Mellingen Thune og Beate Solheim Grønnevik i podcaststudio med Arne Hjorth Johansen. Tre superhelter på ein gong! Foto:

PODCAST: I denne vekas podcast får Beate og Benjamin vist fram si indre nerd. Det handlar om superkrefter, og kva superkraft du ville velje om du kunne.

DEL

I vekas podcastpanel finn vi Beate Solheim Grønnevik og Benjamin Mellingen Thuen. Og Arne Hjorth Johansen som vanleg. Beate og Benjamin hadde eit førebuingsmøte på Vesle Kinn i forkant av innspelinga, og tok regien på programmet. Det skulle handle om superkrefter.

Kva superkraft ville du hatt om du kunne velje? Det blei fort tydeleg at blant dei tre var det to som hadde tenkt mykje på dette, og ein som nok ikkje hadde brukt like mykje tankekraft på oppgåva.

Som vanleg er panelet også innom litt av det som folk har vore oppteke av den siste veka. Det har vore mykje snakk om netthets og Nei til Kinn, og dette er også eit tema i podcasten.

– Er det på tide å innføre «Nei til Kinn-skam», er eit spørsmål som kjem opp.

Du finn podcasten på Spotify og andre podcasttenester. I tillegg til at du sjølvsagt kan høyre den akkurat her:

Artikkeltags