Gå til sidens hovedinnhold

«Er det noko vi har nok av, så er det natur»

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Torsdag 17. desember skal Bremanger kommunestyre behandle dispensasjonssøknaden til SFE for vindkraftanlegg på Steinfjellet.

Planen er å sette opp 18 vindturbinar i beste turområdet på Bremangerlandet som går mellom anna til Vetvika.

Eg spør meg sjølv: Har ikkje naturen på kysten nokon verdi?

Det har i dei siste åra vorte sett i gong det eine vindkraftanlegget etter det andre langs kysten og fleire er under planlegging. Kva er det vi gjer med naturen vår?

Kor skal vi hente oss inn att etter ein hektisk kvardag? Å ha tilgang til rein natur rundt oss der vi bur gjer noko godt med oss. Vi tar det som sjølvsagt at slik er det. Ein høyrer så ofte: Er det noko vi har nok av så er det natur. Dette vert mindre og mindre sant i dag. Nedbygging av natur er den største trusselen for øydelegging av klima og naturmangfaldet.

Eg er ein av dei som går mykje i fjellet enten til fots eller på ski. Det er avkopling og samstundes god fysisk trening. Det gjer også godt for mental helse. Alle har godt av å komme seg ut i naturen.

Eit av fjellområda eg har brukt mykje er Guleslettene. Der er det mange turmogelegheiter sommar som vinter til fots eller på ski. Det som er så fint med Guleslettene, er nærleiken til Florø. Det var Florø sitt utfartsområde.

I dag står det 47 vindturbinar der. For meg er dette fjellet øydelagt. Når eg er i naturen, så er det roen eg er ute etter.

Vi har hus på Iglandsvik og fjella på Bremangerlandet ligg veldig nært. Det gjev ein mogeleg til ein rask tur på fjellet utan nokon form for anmarsj med bil eller til fots. Fjella på Bremangerlandet er unike. Når ein har løyst nokre høgdemeter kjem ein opp i ope landskap. Det er lett å gå og mjukt som å gå på eit teppe. Heilt fantastisk flott. Det er mange som har fått augene opp for Bremanger.

Av dei 47 vindturbinane som er bygd på Guleslettene så ligg 20 i Kinn kommune. Det er estimert ca. 2 mill. kr i eigedomsskatt pr. år. Ulempene innbyggarane i Florø får utanom rasert fjell og friluftsområde er: Auka straumutgifter. Ny reservevasskjelde på grunn av fare for forureining frå vindkraftanlegget. Dette gir store kostnader som ikkje var førespegla då det vart søkt om konsesjon. Det er fleire politikarar som i dag seier dei ville stemt annleis enn då dei sa ja til Guleslettene.

No er det stopp for planlegging av nye vindkraftanlegg og ingen nye konsesjonar vert gitt.

Så kjære politikarar i Bremanger kommunestyre: Tenk dykk godt om når det skal stemme på torsdag. Det er ikkje sikkert at alt SFE lovar, vert gull og grøne skogar.

Vil de ofre den flotte naturen for nokre få millionar? Kva er det de treng i Ytre Bremanger? Jau, nye arbeidsplassar. Det vert ikkje mange arbeidsplassar av eit vindkraftanlegg. Kanskje ingen.

I Firdaposten las eg om store planar på Igland. Dei satsar på turisme. Det vil gi positive ringverknader. Det kjem ikkje fleire turistar eller tilflyttarar til Ytre Bremanger på grunn av eit vindkraftanlegg – heller tvert om.

Dersom de stemmer ja på torsdag, trur eg de vil angre på det seinare.

Det er i dag to store vindparkar i Bremanger kommune. Motstanden er stor for vindkraftanlegg elles i landet. Det er difor god grunn til å stemme nei denne gongen.

Mi oppmoding: Stem nei til dispensasjonsøknaden frå SFE. Ha ei retteleg god jul.

Kommentarer til denne saken