Equinor, Petoro, TotalEnergies, Shell og ConocoPhillips har sett i gang ein studie der dei ser på moglegheitene for ein flytande havvindpark i Troll-området.

Området ligg om lag 65 kilometer vest for Kollsnes i Vestland. I ei pressemelding skriv Equinor at havvindparken skal ha ein installert kapasitet på om lag ein gigawatt, og ein årsproduksjon på omtrent 4,3 terawattimar.

Ifølgje Equinor kan Trollvind via eit samband til land forsyne det meste av behovet for kraft til å drive Troll- og Osebergfeltene. Dette vil frigjere kraft på land til Bergensregionen som i dag slit med for låg tilgang til kraft.

Nødvendig

– Trollvind er eit konsept der fornybar kraft både bidreg til utsleppskutt gjennom elektrifisering, leverer kraft til eit område der kraftmangel allereie har skapt utfordringar for ny industriutvikling og Noreg beheld leiartrøya i industrialiseringa av flytande havvind, seier konsernsjef Anders Opedal i Equinor.

Selskapet skriv at det er heilt nødvendig å byggje slike anlegg for å elektrifisere installasjonar med lang attverande levetid for å nå målet Stortinget har sett om skjerpe krava til utsleppskutt frå norsk sokkel frå 40 til 50 prosent innan 2030.

Ein god start

Også miljørørsla er positiv til initiativet frå oljeindustrien.

– Dette er kjempegode nyheiter, og akkurat det vi har etterlyst. Vi må elektrifisere sokkelen for å nå klimamåla, men vi har for lite kraft og for dyr straum. Elektrifisering med havvind er heilt nødvendig for å løyse denne floken, seier ZERO-leiar Sigrun Aasland i ein kommentar til planane.

Ho kallar planen om 4,3 terawatt ein veldig god start og at det grøne skiftet krev 55 TWh fornybar straum innan 2030.

Tilsette støtte

Dei tilsette i Equinor støttar planane heilhjarta og ber politikarane raskt gi konsesjon slik at havvindmøllene kan vere i drift frå 2027.

– Dette kan bli eit historisk krafttak for norske industriarbeidsplassar. Med Trollvind vil vi forlengje levealderen på sokkelen, levere energi til eit Europa i krise og skaffe svært velkommen straum til næringsliv og folk på fastlandet, seier forbundsleiar i Industri Energi, Frode Alfheim.