Equinor har gjort eit nytt oljefunn nær Troll- og Fram-områda. Funnet er berekna til mellom 21 til 33 millionar fat utvinnbare oljeekvivalentar.
Equinor opplyser fredag at dei saman med Wellesley har funne olje nær Troll- og Fram-områda i havet utanfor Bergen.
Førebelse utrekningar tyder på at funnet er på mellom 3,3 og 5,2 millionar standard kubikkmeter utvinnbare oljeekvivalentar eller om lag 21–33 millionar fat utvinnbare oljeekvivalentar, står det i pressemeldinga.
– Vi reknar dette funnet som kommersielt og vil vurdere tilknyting til Troll B eller Troll C-plattforma. Slike funn i nærleiken av eksisterande infrastruktur er kjenneteikna av høg lønnsemd, kort tilbakebetalingstid og låge CO2-utslepp, seier Geir Sørtveit, områdedirektør for Utforskning og Produksjon Vest i Equinor.
Brønnane vart bora om lag 8 kilometer vest for Fram-feltet og 140 kilometer nordvest for Bergen.
(©NPK)