Equinor har tildelt Saga Fjordbase AS ein kontrakt for terminaltenester på Fjord Base. Kontrakten inneheld tenester til dei Equinor-opererte lisensane på norsk sokkel, den trer i kraft frå 1. juli neste år og har ei varigheit på to år.
Dei nye kontraktene er tildelte ved at ein har nytta seg av opsjonar frå rammeavtalene som blei inngått i 2015. Den nye toårskontrakten bidreg til å sikre jobbar og kontinuitet for Saga Fjordbase og bedriftene som er tilknytte forsyningsbasen.
– Vi takkar Equinor for fornya tillit og står klare til å utvikle og levere sikre forsyningstjenester frå Fjord Base i kommande periode, seier administrerende direktør i Saga Fjordbase, Erlend Toftesund.
Saga Fjordbase AS tek sikte på å bidra med å redusere CO²-utsleppa i samband med logistikkoperasjonar på norsk sokkel for Equinor. Eit ferskt døme er den felles innsatsen for auka bruk av landstraum, som no blir nytta ved stadig fleire av kaiene ved Fjord Base. Dette reduserer både CO2-utslepp og støy fra fartøya når dei ligg ved kai.
Toftesund seier han ser fram til å bidra til selskapets reduksjonsplan for CO² i kommende periode - noko som vil vere avgjerande for å behalde konkurransekraft i bransjen framover.
– Samstundes er vi opptekne av å levere i verdsklasse på helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid. Saga Fjordbase sine kjerneverdiar er innovasjon, bærekraft, tryggleik, tillit og samarbeid. Med slagordet «vi fiksar det» står dei 77 medarbeidarane i Saga Fjordbase klare til å levere førsteklasses terminaltenester til Equinor.