Ikkje la deg lokke av denne kampanjen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det som tilsynelatande ser ut som ein gunstig Facebook-kampanje frå Enivest er rein svindel.

DEL

– Det er skremmande å sjå kor mykje ressursar svindlarane har lagt i å lage den. Dei har brukt same farge og font som vi brukar i våre annonsar og kampanjar. Men vi har ingen slik kampanje gåande. Denne er falsk.

Det seier Christiane Ulriksen, marknadsansvarleg i Enivest. Dei vart gjort merksam på annonsen av ein kunde. Det skriv Firda.

Sjå etter skrivefeil

– I den falske kampanjen vert du pressa til å trykke på ein av premiane vist før tida går ut. Målet er truleg å få ut mest mogleg sensitiv informasjon ut av den som klikkar på den, seier ho.

Ho ber kundar sjå nøye gjennom kva som eigentleg står i annonsane dei får opp.

– Vi ville aldri hatt ein kampanje som denne. Mitt råd til kundane er å lese igjennom teksten godt og sjå etter skrivefeil og ikkje minst skriftspråk. Alt offisielt materiell vi sender ut er på nynorsk. Om du i tillegg er kunde hos oss har vi kontonummer og namnet ditt allereie – så får du spørsmål om å gje opp dette i ein annonse: ikkje gjer det.

– Ikkje oppgje sensitiv informasjon

Det same gjeld personnummer.

– Dette er svært sensitiv informasjon som ikkje vi har tilgang til eingong. Om du blir beden om å gje opp det, bør alarmklokkene ringe, seier Ulriksen.

Marknadsansvarleg i Enivest, Christiane Ulriksen, ber kundar sjå nøye gjennom kva som eigentleg står i annonsane dei får opp på Internett.

Marknadsansvarleg i Enivest, Christiane Ulriksen, ber kundar sjå nøye gjennom kva som eigentleg står i annonsane dei får opp på Internett.

Ho ber folk vere meir kritiske til kva dei trykker på.

– Vi får telefonar frå kundar som allereie har gått i fella. Då ber vi dei ringe banken med ein gong. Vi har ikkje tal på kor mange slike meldingar vi får i løpet av eit år, men det er ingen tvil om at svindelforsøk av denne typen er eit aukande problem.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken