– Telekom-sektoren står framfor mange store endringar. I dag har vi fleire store og små fiberselskap på Vestlandet. Vi meiner eit nytt og større selskap kan ta ein sterkare posisjon i vår region og derfor er vi som eigarar einige om å starte fusjonsforhandlingar, seier Kristin Aadland, styreleiar i selskapa Enivest AS og Eviny Breiband AS i ei pressemelding

Ho understrekar at dei no skal bruke tida framover til å utgreie grunnlaget for ein eventuell fusjon.

Marknaden for telekom-sektoren har endra seg mykje dei siste åra frå utbygging til drift av fiber, nye aktørar, auka konkurranse og mange ulike spørsmål kring regulering.

– Vi har ei klar målsetjinga om å utvikle dei lokale kompetansemiljøa, styrke vår posisjon som marknadsleiar i regionen og vokse som eit sjølvstendig og sterkt fiberselskap, seier Erik Espeset, styreleiar i Tafjord Connect.

Eit nytt fusjonert selskap vil ha kring 50.000 kundar og ein større kapitalbase som gir auka konkurransekraft.