Tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell meiner det ikkje var feigt av han sjølv å utsette deponisaka.
Men han meiner det var feigt av den sitjande regjeringa å dytte ansvaret over på miljødirektoratet ved å krevje eit nytt svar etter at dei eigentleg hadde sagt nei, i staden for sjølv å ta ansvar og vise kva dei meiner. Det skriv Firda.
Mørk dag
Solhjell meiner fredag var den mørkaste dagen i norsk klimapolitikk. Han nektar å godta regjeringa si avgjerd om mineralutvinning i Engebøfjellet. Allereie i vår er det to måtar å stoppe vedtaket på, meiner han.
Det eine er at Venstre og KrF krev at saka skal handsamast i lag med dei, og ikkje berre av regjeringa.
– Det gjer dei i alle andre saker som er viktige for dei, seier Solhjell.
Det andre sporet er å snu Ap og Sp, og han lovar å sette seg ned med Ap for å gå gjennom alt på nytt.
Kunne avgjort
Solhjell sat som miljøvernminister førre gong saka var inne. Då bad han om meir utgreiingar, i staden for å seie nei.
– Angrar du på det?
– Nei, Ap og Sp var klare til å seie ja. Og eg meiner at vi har betre argument mot no, med svara frå utgreiingane. Det er desse svara som gjer at alle fagdirektorata går mot prosjektet.
– Men du måtte rekne med at du ikkje ville sitte som minister når saka kom tilbake frå fleire utgreiingar?
– Om eg tok avgjerder basert på slike spekulasjonar, ville eg ikkje fortene å vere minister.
– Er det ikkje å føre folk bak lyset, å drive valkamp på ei sak som er avgjort?
– Eg trur framleis det er realistisk, det er mange eksempel på saker som har snudd, det trur eg vi klarer her også. Dessutan kan det bli regjeringsskifte før den tid, seier Solhjell.
Folkekamp
Om forhandlingane med dei store partia ikkje går som Solhjell vil, trur han framleis at prosjektet vil bli stoppa.
– For det første veit vi ikkje om det er kommersielt drivverdig, for det andre kan Førdefjorden bli det neste Lofoten, seier han.
Han meiner at sakene har likskapar, fordi det er ei klar konflikt som er lett å forstå. Og folk kan heller ikkje fatte og begripe kvifor nokon vil gjere dette mot fjorden, ifølge Solhjell.
– Eg har blitt oppsøkt av studentar på marknadshøgskulen som vil vite kvar dei kan lenke seg, då har vi komme langt, seier Solhjell.