Om fire dagar inntek 250 ungdommar Vevring for protestleir mot Nordic Mining sine planar om sjødeponi i Førdefjorden. I samband med leiren inntek også 21 nesten tre meter høge skikkelsar området. Skulpturane skal plasserast frå oppe på Engebøfjellet til nede ved Førdefjorden.
(Sjå bildeserie av fyrstikkmenneska lenger nede i saka.)
Sårbarheit
Der skal dei stå i tida framover og vakte over fjellet og fjorden, ifølge kunstnar Ane Sommerstad.
Kunstprosjektet "Ildfolket" kjem til Vevring etter ein to år lang turnè i landet. Mellom anna har dei blitt utstilte på Aker Brygge.
– Eg var med på demonstrasjonen mot planane for Førdefjorden framfor Stortinget. Då vart eg veldig opprørt og ytterlegare engasjert saka. Ei veke etter sat eg på fly til Florø for å besøke området. Det var som om staden ropte etter skulpturane, seier Sommerstad.
– Fyrstikkmenneska representerer sårbarheit, men samtidig noko som er mektig, som naturen der.
Naturen si stemme
Målet til Sommerstad er at utstillinga skal skape auka merksemd rundt planane om gruvedrift.
– Det er så typisk at det får mykje merksemd i starten, men så blir det gløymd. Når Natur og Ungdom reiser igjen neste veke, kven vaktar fjellet då? Kven snakkar naturen si stemme? spør kunstnaren.
"Ildfolket" skal også symbolisere det å brenne for noko.
– Dei mannlege skulpturane skal stå på fjellet, medan dei kvinnlege skal stå nede ved fjorden og vakte den, seier kunstnaren.
I utgangspunktet skal dei nye "vaktarane" stå der eit stykke ut på vinteren, men Sommerstad er open for at dei kan stå lengre.
– Kanskje blir dei sprengde i lufta saman Engebøfjellet, seier ho.
LES OGSÅ: – Ein gledens dag for Sogn og Fjordane

Bildeserie: Ildfolket som skal vakte Førdefjorden