Forseinkingar ved verftet i Tyrkia på grunn av koronapandemien og uventa transformatorproblem, gjer at Havila Kystruten må utsetja den første reisa tur-retur Bergen – Kirkenes til 1. desember.

– Vi gjer alt vi kan for at i vi skal få skipa i trafikk, og beklagar på det sterkaste overfor gjester som har bestilt turar med oss og sett fram til å reise med dei nye skipa våre og også overfor folk og næringsliv langs kysten som blir ramma, seier administrerande direktør i Havila Kystruten, Bent Martini, i ei pressemelding.

Havila Kystruten skal segla fire av dei elleve klassiske rundreisene mellom Bergen og Kirkenes med nye skip som er under bygging i Tyrkia. Forseinkingar på det første skipet, Havila Capella, påverkar også bygginga av skip nummer to, Havila Castor. Ifylgje reiarlaget planlegg dei første rundreise frå Bergen for dette skipet 20. januar 2022.

(©NPK)