Endeleg er også grønsaksbøndenes garantiar på plass

Oslo, Norway 20150714.
Illustrasjonsbilder: Frukt og grønnsaker.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Oslo, Norway 20150714. Illustrasjonsbilder: Frukt og grønnsaker. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

LANDBRUK: Men småbrukarlagsleiaren stiller likevel spørsmål ved om landbruksministeren har oppfylt lovnadane sine.

DEL

Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag blei måndag einige med staten om risikoavlasting for grøntprodusentar for vekstsesongen 2020.

Føremålet er å redusere risikoen for produsentar med arbeidsintensive grøntproduksjonar, slik at dei set i gang med planlagd produksjon. Ordninga skal sikre produsentane kompensasjon dersom dei går med store tap som følge av mangel på arbeidskraft i innhaustinga eller dersom arbeidarane som er på plass ikkje kan få utført arbeid på grunn av pålagde restriksjonar. Ordninga gjeld dyrking av grønsaker, frukt, bær og potet, inkludert veksthusproduksjon.

– For oss har det vore viktig å få til ei risikoavlastingsordning slik at vi sikrar nok norsk matproduksjon i år. Ordninga gir bonden noko støtte dersom det ikkje blir mogleg å få tak i nok arbeidskraft utover i sesongen og i innhaustinga. Det var det beste vi kunne få til i denne situasjonen, seier Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Samstundes stiller Hoff spørsmål om dette oppfyller forsikringane som landbruksministeren tidlegare har gitt til grøntprodusentane.

– Bollestad har tidlegare sagt at det berre er å så og plante no; arbeidskraft skal vi sikre til hausten. Eg er faktisk litt usikker på om ordninga vi nå er einige om gir den naudsynte risikoavlastninga, seier Hoff.

Den midlertidige ordningen er utarbeidd under forskrift for erstatning ved klimabetinga skadar i plante- og honningproduksjon (avlingsskadeerstatning). Taket for utbetaling per vekstgruppe blir auka frå 750.000 kroner til 2 millionar kroner. Egenrisikodelen per vekstgruppe på 30 prosent blir vidareført.

Det har samstundes vore forhandla om tilskot til veterinærreiser. I tilfelle der det er naudsynt å bruke beredskapsfartøy og dette medfører ekstra kostnadar på grunn av koronaepidemien, kan det blitt gitt eit tilskot på opptil 15 000 kroner per tur.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken