Gå til sidens hovedinnhold

Endeleg blir nyepresten ønskt skikkeleg velkommen i Bremanger

Endeleg blir det innsettingsgudsteneste for nyepresten i Bremanger.

Dag Leirvik har allereie vore prest i Bremanger i vel 2 månader, men grunna dei strenge koronareglane har få fått møte han i kyrkjene.

Søndag 21. februar blir det difor laga til alter ute på trappa til Bremanger kyrkje. Då kan ein nemleg vere opp til 200 personar på kyrkjebakken, med den viktige meteren i avstand!

Folk blir oppmoda til å kle på seg vestlandsbunaden, altså regnklede, og ta med seg stol, om det trengst. Og sjølv om både fungerande prost Vidar Bjotveit og vikarprest i indre, Stein Oltedal, kjem, lovar dei å vere ferdige på rundt halvtimen.

Kommentarer til denne saken