Kom til friidretten som skadd fotballspelar, no er han den raskaste i landet

PÅ JAKT: Han er berre 21 år og har god tid på seg. Men å ta «Jays» sine sprintrekordar er eit langsiktig mål. – Eg har god tid og mange år føre meg som sprintar, men trur eg kjem til å ta dei norske rekordane på 100 meter og 200 meter, seier han. Foto: NTB

PÅ JAKT: Han er berre 21 år og har god tid på seg. Men å ta «Jays» sine sprintrekordar er eit langsiktig mål. – Eg har god tid og mange år føre meg som sprintar, men trur eg kjem til å ta dei norske rekordane på 100 meter og 200 meter, seier han. Foto: NTB

Artikkelen er over 1 år gammel

SPRINT: Å skunde seg langsamt har vore nøkkelen til det nye sprintstjerneskotet i Norge.

DEL


Fotballen hadde fått kloa i hurtige Quarcoo i dei tidlegare åra. Men som kjapp angripar på fotballbana får du ofte taklingar som svir og skader som sette han ut. Det var i skadeperioden Quarcoo fekk auga opp for friidrett.

Tidlegare mangekjempar, sprintar og lengdehoppar Mette Karin Ninive, trenar i FIK Orion i Elverum tok tak. No skulle den kjappe junioren som spelte kant og spiss på Elverum bli omskolert til friidrett.

– Fotballspelarar har generelt dårleg grunntrening, så dette har vi jobba mykje med, seier Ninive.


Allsidig


Å

bygge opp ein solid grunnmur av grunntrening har vore med å hindre skader. Skadefri har han teke steg heile vegen. No har han erobra sprinttrona etter Jaysuma «Jays» Ndure, og her har han planar om å bli.

– Jo det er kult å vere Norges raskaste mann, seier Quarcoo. Men han veit at han berre er 21 år og har mange år som sprintar føre seg. Det å halde seg skadefri og motivert dei neste åra er løysinga skal han nå neste nivå.

Det neste nivå blir bli den raskaste mann i Norge gjennom tidene.

Kongen av norsk sprint er Jaysuma «Jays» Saidy Ndure. Han er ein «sub 10» sprintar med personleg rekord under 10 blank på 100 meter. Men som han sjølv seier er det rekorden på 200 meter han er mest stolt av. Fire gongar har han vore under 20 blank og den ståande rekorden er 19.89.


Hardt arbeid


Trenar Ninive fortel Jonathan er eit stort fysisk sprinttalent, men er framfor alt eit treningstalent som er villig til å ofre det som skal til for å bli best.

– Du som jobbar tett på Jonathan Quarcoo, trur du han kan tukte dei norske rekordane til Jaysuma «Jays» Saidy Ndure på 100 meter (9.99) og 200 meter (19.89) ?

– Ja. Det kan han. Han er 21 år no så dei neste åra blir viktige. Han er eit fysisk talent og trenar smart.

– I kva øving trur du han kan bli best?

– No har han persa på 60 meter i vinter og viser han er rask, men likevel trur eg steget hans gjer til at eg set ein knapp på at han kjem til å bli best på 200 meter.

Dette er Quarcoo sjølv samd i.

– Det er på 200 meter eg trur eg kan bli best. Eg kan sjølvsagt ikkje seie noko om framtida, men no er eg veldig motivert til å bli så rask som mogeleg, seier han. Han veit også at skal han inn i historiebøkene så er ei kjedeleg oppskrift han må følge.

– Det er hardt arbeid over tid, halde seg skadefri og bygge stein på stein som tel.

I fjor var han under EM krava på 100 og 200 meter. Men det er ikkje noko automatikk i at det går like knirkefritt i år. Men i Florø får han god vind og då kjem EM-kravet kanskje på begge distansane.

No er han regjerande norgesmeister på 100 meter og 200 meter. Han fekk også bronse under U23-EM i Bydgoszcz i Polen i juni i fjor på 100 meter der han sette personleg bestenotering i forsøka med 10.26. I Florø skal han springe 100 og 200 meter og får god internasjonal matching.

Deltakarar

Norsk rekord: 19,89 Jaysuma Saidy Ndure, BUL, 2007
Banerekord: 20,58 Frankie Fredericks, NAM, 2002
EM-krav: 20,85 VM U20-krav: 21,15
Jonathan Quarcoo

1996

NOR

20,39

Bronze EChU23 2017
Vladislav Grigoryev

1997

KAZ

20,58


Alekander Linnik

1991

BLR

20,64


Gautier Dautremer

1995

FRA

20,66

Silver EChU23 2017
Jonas Halonen

1995

NOR

21,26


Stefan Tärnhuvud

1984

SWE

21,30


Mark Hanson

1981

GBR


100m/200m menn:

- All sprint er bygd rundt 200 meterdebuten til vår nye sprintkomet Jonathan Quarcoo.

Dei varmer opp med 100 meter og f. eks. den gamle Florø-kjempen Stefan Tärnhuvud vil nok gjere alt han kan for å hevde seg her på 100 meter. Stefan har vunne dobbelt på 100m/200m i Florø to gongar før.

På 200 meter er startfeltet knallhardt, og Jonathan møter «kameratar» som han må ha dagen for å slå. Eit lite poeng er at sølvmedaljevinnaren frå EMU23 i fjor, Dautremer frå Frankrike er med, i det mesterskapet Jonathan sette sin pers på 20,39 og tok bronse, opplyser elitekoordinator Ståle Jan Frøynes.

Artikkeltags