Else (31) er tilbake på jobb på Kitch'n: – Eg har sakna kundane!

TILBAKE TIL NORMALEN: Else Seljeseth på Kitchn er glad for å vere tilbake på jobb

TILBAKE TIL NORMALEN: Else Seljeseth på Kitchn er glad for å vere tilbake på jobb Foto:

FLORØ: Torsdag opna Kitch'n dørene igjen. Laurdag trefte vi på Else Seljeseth bak disken. Både ho, og kundane, er glade for at livet er på veg tilbake til normalen.

DEL

Sakte, og framleis usikkert, men det norske samfunnet har begynt på vegen tilbake mot normalen. Torsdag denne veka opna Kitch'n butikken på Amfi på nytt, etter at den blei stengd i samband med koronarestriksjonane i mars. Laurdag var det ein god del bilar på parkeringsplassen på Amfi, og bak disken på Kitch'n var Else Seljeseth bra nøgd med kundestraumen.

– Det er så lenge sidan vi var opne no at eg hugsar nesten ikkje korleis det var før vi stengde, men eg synest det har vore bra med folk innom etter at vi opna.

Sakna kundane

Medan Firdaposten er på besøk er det kundar i butikken heile tida. Nokon handlar, andre spør etter noko dei ikkje har. Andre berre tek ein titt på vareutvalet. Fleire gjer uttrykk for at det er bra dei har opna igjen. At dei har vore sakna. Seljeseth synest også det er godt å vere tilbake på jobb. Men det var ikkje so verst med ei lita pause heller.

– Det er godt å vere tilbake. Ein saknar jo kundane, vi har mange stamkundar som er ofte innom. Samtidig var det eigentleg ei etterlengta pause. Eg har to jobbar, og det lengste eg har hatt samanhengande fri dei siste åra er fem dagar. Det var godt med ei lita pause, men det var greitt å kome seg tilbake på jobb no, ler ho.

Kitch'n kjøpte i 2018 konkursbuet til Til Bords, og driv no til saman 212 butikkar under begge namna. I mars permitterte dei alle dei 1200 tilsette, men no er alle tilbake på jobb. Det er eit teikn på at varehandelen er i ferd med å vakne til liv igjen. Odd Sverre Arnøy frå Kitch'n og Til Bords-kjeda seier at dei vil vere med og få folk tilbake på kjøpesentera.

Bruk butikkane

– Det var ei vurdering av den informasjonen styresmaktene kom med om gradvis å normalisere samfunnet. Dette har vore viktig i vår vurdering, og vi ønsker å bidra til å skape liv i kjøpesentera, seier Arnøy til Nettavisen. Han trur faghandelen står føre ein enorm utfordring framover, men den kjem uavhengig av koronaviruset.

– Det er låg inntening i faghandelen, og i vår bransje er Kitch'n stort sett den einaste som tener pengar. Kun dei beste vil overleve, det vil skje ein naturleg avskaling, spår Arnøy. Han trur at også Kitch'n-kjeda vi måtte redusere talet på butikkar i framtida.

I Florø er Seljeseth opptatt av at folk no må bruke butikktilbodet framover, for å hjelpe butikkane som er i ein vanskeleg situasjon.

– Mange butikkar er i ein vanskeleg situasjon, så no må folk bruke pengar slik at butikkane overlever.



Artikkeltags