Norges forskningsråd har løyvd 16 millionar kroner i støtte til Elkem sitt nye konsept for produksjon av silisium heilt utan direkte CO2- utslepp.

Det melder Elkem i ei pressemelding tysdag. Prosjektet kan bli banebrytande for den globale silisiumindustrien. Silisium er definert av EU som eit kritisk råmateriale og er ein viktig del av en rekke digital teknologi og løysingar for det grøne skiftet.

2,1 millionar tonn skal vekk

Sjølv om Elkem har kome eit bra stykke på vegen mot meir miljøvenleg produksjon, mellom anna ved å nytte 83 prosent fornybar elektrisitet i drifta si, står det framleis viktig arbeid att. Silisiumproduksjon skapar framleis betydelege CO2-utslepp. Dei årlege, direkte CO2-utsleppa frå Elkems smelteverk er 2,1 millionar tonn CO2. Det tilsvarar om lag 90 prosent av Elkems totale, direkte utslepp.

No har Elkem sett seg som mål å redusere CO2-utsleppa med 28 prosent innan 2031 og å bli karbonnøytrale innan 2050.

Forsknings- og utviklingsprosjektet som no får millionstøtte, fokuserer på Elkems 2050-mål: Korleis oppnå karbonnøytralitet med lågast mogleg miljøfotavtrykk - men likevel ha konkurransedyktige kostnader?

2050 er målet

– Elkems mål med dette prosjektet er å utvikle eit konsept som eliminerer alle direkte CO2-utslepp frå silisiumproduksjon. CO2 frå smelteovnane vil bli fanga opp, omdanna til fast karbon og gjenbrukt i prosessen. Viss og når vi lukkast, kan dette vere banebrytande for den globale silisiumindustrien. Vi trur at dette er ein sterk kandidat til å bli ein av dei viktigaste teknologiane for karbonnøytral silisiumproduksjon frå 2050, seier Håvard Moe, konserndirektør for teknologi i Elkem.

Prosjektet skal pågå fra 2022 til 2024. Med seg på laget har Elkem både SINTEF og NORCE, samt pilotsenteret Future Materials, og forsøka skal utførast i Trondheim og Kristiansand.