Han har sett trenden dei to siste åra, ein trend som har forsterka seg ytterlegare det siste året. Fast tilsette har slutta ved Elkem Bremanger, og jobben med å erstatte dei blir stadig meir utfordrande.

– Det er ikkje godt å seie om dette er ei bølgje, ein slags trend som vil gå over eller ikkje. Faktum er i alle fall at det er meir krevjande enn før å skaffe arbeidskrafta vi treng, seier verksleiar Arne Werge-Olsen til Firdaposten.

Tyngst på operatørsida

Medan det tidlegare kunne vere vanskeleg å fylle opp funksjonærstillingane ved verksemda, er det no på operatørnivå ein har utfordringar.

Den siste tida har ein god del fast tilsette slutta og søkt seg over i andre jobbar og bransjar.

– Ein periode kom folk frå ei litt kriseråka og usikker offshorenæring og til oss for å jobbe. No verkar det som om straumen har snudd igjen, og dagens arbeidsmarknad er nok litt av forklaringa. Vi klarar til ein viss grad å fylle desse faste stillingane ved å tilby fast jobb til dei som har utgjort vikarpoolen vår. Men det skapar eit nytt tomrom der, noko vi merkar no når vi skal sikre oss dei viktige sommarvikarane som får hjula til å gå rundt, seier Werge-Olsen.

Ein faktor som dels bøter på problemet, er lærlingane i Elkem. Dei blir no viktigare enn nokon gong for å få mest mogleg stabil og normal drift. Elkem Bremanger har per i dag 22 lærlingar innan ulike fag. Dei fleste lærlingane som tek fagbrev hjå Elkem, endar opp med å bli verande i verksemda. Likevel har ikkje dette påfyllet av ung, ny kompetanse vore stort nok til å dekke opp dei ledige stillingane dei siste åra.

Nær 20 har slutta

– Er stoda så alvorleg at de må gjere endringar i dei tilsette sine sommarferieplanar?

– Neidå, vi er ikkje der. Men vi har ei utfordring som på sikt må løysast.

I dag har Elkem Bremanger 220 stillingar i verksemda. Ifølgje HR-ansvarleg Trudi Vågene har det slutta nær 20 personar i løpet av dei to siste åra. Få av desse handlar om pensjonering.

– Kor mange ferievikarar treng Elkem Bremanger sommarstid?

Vi har eit behov for 55 personar, og dei har vi klart å skaffe, seier Vågene.

– Finst det kompetent arbeidskraft i utlandet ein kan prøve å rekruttere?

– Eg er usikker. Fram til no har Elkem hatt som krav at dei vi tilset skal ha gode norskkunnskapar. På sikt kan det hende at vi må justere litt på dette kravet.

Folk treng hus

– Har Bremanger kommune ei rolle oppi dette, til dømes med å gjere Svelgen til ein endå meir attraktiv stad å flytte til?

– Det meiner eg så absolutt. Mangelen på areal gjer til at det nesten ikkje blir bygt moderne leilegheiter, som er noko det første folk spør etter når dei kontaktar oss i samband med ledige stillingar. I tillegg har vi utfordringar på samferdslesida. Med betre vegar sørover vil det opna seg andre og betre moglegheiter for folk, seier Vågene.

– Er det andre grep Elkem kan gjere for å sikre rekrutteringa på lang sikt?

– Ja. Vi må halde fram det gode samarbeidet vi har fått med skulane, der Flora vidaregåande er eit godt døme. Herfrå tek vi jamleg i mot elevar på utplassering, der dei er hos oss ein dag eller to i veka. Dei blir kjende med oss, vi med dei – og vi kan oppmuntre dei til å ta utdanning og fagbrev som sikrar dei gode jobbar i framtida. Eg trur ein slik strategi, der vi aktivt marknadsfører oss med konkrete tilbod mot lokal ungdom, blir utruleg viktig for oss i åra framover. Det same gjeld dette med å vise ungdommane at ein ikkje treng toårig kjemi- og prosessfag for å bli lærling hos oss. Utdanningsløpa er mykje meir fleksible enn før, og Elkem Bremanger er så mykje meir enn berre prosessfag. Vi treng ungdom med andre faglege bakgrunnar også, seier Vågene, som likevel trekkjer fram eit lyspunkt når det gjeld bemanningsutfordringa.

– Vi har avdelingar hjå oss som bemannar opp på grunn av auka ordreinngang og gode framtidsutsikter. Og når vi samtidig skal erstatte folk som sluttar, så skapar det eit ekstra behov for meir folk. Det er svært positivt, men samtidig krevjande.