Om styremaktene i Kina godkjenner avtalen, vil det kinesiske selskapet Polysil bli norskeigd. Polysil, som Elkem no vil kjøpe, er med sine 350 tilsette teknologileiande innan produksjon av varmebehandla gummi og silikongummi i Kina, går det fram av ei pressemelding frå Elkem.

I den komande handelen skal Elkem overta to produksjonsfabrikkar og eit forskings- og utviklingssenter i provinsen Guangdong i Kina. Selskapet som Elkem no kjøper, har vore privateigd og hatt god lønsemd.

Den utviklinga spår Elkem-leiinga vil halde fram, og at oppkjøpet vil hjelpe Polysil med å vekse vidare i framtida.

Det er særleg innan elektronikk og produksjon av medisinsk utstyr at produkta til Polysil er etterspurde.