Elkem har valt plassering for stor batteri-satsing

Om Elkem vel å gi gass på produksjon av batterigrafitt, vil satsinga kome i Herøya Industripark i Porsgrunn i Telemark.

DEL

Elkem har lenge vurdert fullskala industriproduksjon av batterimaterialar i Norge. I dag melder konsernet at om satsinga kjem, så blir det på Herøya i Porsgrunn. Prosjektet, som har fått namnet Northern Recharge har den raskt veksande elbilbransjen som utblinka hovudmarknad. Eit mål i målet er også å lage svært miljøvenleg batteriråstoff med lågt karbonavtrykk.

Eit pilotanlegg for batterigrafikk blir no bygt i Kristiansand, til ein prislapp av 65 millionar kroner. Dette anlegget skal vere i drift i starten av 2021. Basert på erfaringane frå Kristiansand, vil Elkem vurdere fullskalaproduksjon på Herøya, som husar ein av landets største industriparkar.

Batterigrafitt er ein viktig del av eit batteri og har funksjon som anodemateriale. Grafitten utgjer vanlegvis rundt 10 prosent av eit batteri si vekt.

– Produksjon av batterimaterialar er ein av Elkems største vekstmoglegheiter. Etterspurnaden etter batteri aukar som eit resultat av den raske elektrifiseringa i transportsektoren og eit aukande behov for energilagring i ei meir bærekraftig framtid. Dette krev ny produksjonskapasitet for batterimaterialar, og vi ser store moglegheiter for spesialiserte produkt med et grønt fotavtrykk, seier Michael Koenig, konsernsjef i Elkem i ei pressemelding frå konsernet.

Ein viktig faktor for å produsere batterigrafitt mest mogleg grønt, er at produksjonen vil vere basert på fornybar og miljøvenleg vasskraft.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken