Midt på dagen onsdag mista Elkem Bremanger straumen.

Det har resultert i at også resten av bygda er mørklagt.

Røyken som no har blitt godt synleg i bygda, skuldast ingen brann, men at renseanlegget ikkje fungerer utan straum, og røyken går difor ikkje gjennom «kupa», men rett ut i lufta.

Brannvesenet har vore inne i eit bygg på Elkem no, men ikkje funne antydning til brann.

– Det kan vere snakk om overbelastning på ein brytar, seier Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen til Firdaposten.

Oppdatering klokka 14.10:

Brannmannskapa har no returnert. SFE er på staden, men informasjonssjef Jannicke Lindvik seier det er for tidleg å seie kva som har skjedd.

– Men det har vore ein feil som har gjort at alle kundar i Svelgen har vore utan straum ein times tid no. Vi forsøker å forsyne kundar frå andre område der det er mogleg, samstundes som vi prøver å finne ut av feilen.

– Kan de seie noko om når folk vil ha straumen tilbake?

– Nei, det er litt vanskeleg å seie. Men vi er som sagt på staden og jobbar med saka.

Klokka 14.10 ringer Lindvik tilbake og opplyser at dei fleste no har fått straumen tilbake.

– Men mellom Dyrstad og Hjellen er dei framleis utan straum. Der driv vi feilsøking, seier Lindvik.

Ho kan ikkje seie noko om kva som har gått gale, og røykutviklinga gjer det utfordrande å feilsøke.

Klokka 14.14 melder SFE at samtlege abonnentar skal ha fått straumen tilbake.