Nettleiga på plass

FRAMTIDSRETTA: Verksdirektør for Elkem Bremanger, Arne Werge-Olsen, meiner dei no har fått på plass gode rammevilkår for kraft. Han gler seg over at politikarane no ser at dei driv framtidsretta. Å produsere silisium til solarindustrien med fornybar vasskraft, er så berekraftig det kan få blitt. Foto: Dag Nesbø Frøyen

FRAMTIDSRETTA: Verksdirektør for Elkem Bremanger, Arne Werge-Olsen, meiner dei no har fått på plass gode rammevilkår for kraft. Han gler seg over at politikarane no ser at dei driv framtidsretta. Å produsere silisium til solarindustrien med fornybar vasskraft, er så berekraftig det kan få blitt. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 3 år gammel

Verksdirektør Arne Werge-Olsen har i to år mot styresmaktene for å sikre nettleiga til verket sitt. I dag kom han i mål.

DEL

Elkem Bremanger har frykta at dei vill kunne få ei magedobling av nettleiga si som følge av at sentrealnettslinja gjennom Svelgen vart til regionalnett.

Det har faktisk vore hevda at ei slik ekstrarekning ville bety kroken på døra for Elkem. Men fredag fekk verksdirektør Arne Werge-Olsen ved Elkem Bremanger svaret han hadde håpa på. Ein fantastisk nyheit for Bremanger kommune og for Vestlandet.

Regjeringa handsama i går endringar i energilova i statsråd. I proposisjonen om skilje mellom nettverksemd og anna verksemd er det gjort ein definisjon av dei nye nettnivåa. Det blir no lagt til rette at ein skal dele nettet i to.

Delar i to

Eit transmisjonsnett og eit distribusjonsnett. Dagens sentralnett vil i all hovudsak høyre til i det nye transmisjonsnettet. Dette er svært viktig for mange verksemder som i dag er på sentralnettet med lange og føreseielege vilkår for kraft.

I Sogn og Fjordane har det vore uro for at mellom anna Elkem Bremanger skulle komme inn under ein anna tariff som følge av den nye oppdelinga.

I proposisjonen som vart lagt fram i dag blir definisjonen av transmisjonsnettet slik at det som tidlegare var sentralnett blir transmisjonsnett, og dermed legg regjeringa til grunn at det ikkje blir omfattande endringar for desse verksemdene.

– No kan vi senke skuldrene, men eg vil påpeike at saka skal handsamast i Stortinget først, kjem det frå Werge-Olsen.

Stortinget får saka til handsaming der den endelege og formelle avgjerda blir treft.

Verksdirektøren fortel dei frå Elkem si side har jobba tett med politikarane frå Sogn og Fjordane som alle har ønskt gode rammevilkår for hjørnesteinsbedrifta i Svelgen.

Bjørn Lødemel Sogn og Fjordane Høgre seier det var ein gledas dag då ordninga kom på plass.

– Regjeringa foreslår å endre energilova med eit selskapsmessig og funksjonelt skilje slik at Elkem Bremanger kan halde fram med å vere i det som i dag er sentralnettet. Dette vil gje langsiktige rammevilkår som sikrar arbeidsplassar og sysselsetting, noko som vil gje verdiskaping i heile regionen, seier Lødemel.

Har merka uroa

Sveinung Rotevatn Sogn og Fjordane Venstre fortel dei har merka seg uroa i Bremanger, og er veldig glade for å ha komme i mål med eit nytt lovverk som sikrar framleis industriutvikling i regionen. Dette er ei viktig og klok avgjersle. Oskar Grimstad, medlem i energi- og miljøkomiteen frå Frp er også glad for ordninga og meiner det er viktig at mest mogleg av fornybarproduksjonen av kraft blir nytta innanlands i staden for å bli eksportert ut av landet.

Artikkeltags