Mann alvorleg skadd

Ulukka skjedde under eit større renoveringsprosjekt på omn 2 hjå Elkem Bremanger i Svelgen.

Ulukka skjedde under eit større renoveringsprosjekt på omn 2 hjå Elkem Bremanger i Svelgen. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Onsdag blei en mann frakta med luftambulanse til Førde, etter å ha fått ei alvorleg skade i handa under arbeid på omn 2 hjå Elkem Bremanger i Svelgen.

DEL

Onsdag morgon gjekk noko veldig gale hjå Elkem Bremanger i Svelgen. Ulukka skjedde kl. 07.56 i samband med vedlikehald av ein av omnane på verket. Vedkommande fekk alvorleg skade i eine handa og vart frakta til sjukehus med luftambulanse.

– Trist dag

– Dette er ein trist dag for alle involverte her på Elkem. Vi har stogga alt arbeid og har sett i gang arbeidet med å kartlegge kva som har gått gale og kvifor, og vi har brukt mykje av dagen til debriefing og å ta oss av dei som var tett på hendinga, seier direktør for Elkem Foundry, Hroar Holm Carlsen.

Ved 14-tida i går var han på veg til eit allmøte, der tilsette skulle informerast om kva ein så langt veit om ulukka og hendelsesforløpet.

"Dette er ein trist dag for alle involverte her på Elkem."

Hroar Holm Carlsen

Direktør Elkem Foundry

Innleigd firma

Den skadde mannen jobba for eit innleigd selskap som skulle delta i eit større prosjekt arbeid med omforing av omn 2 på smelteverket, eit arbeid som nyleg var starta opp og etter planen skulle pågå ut mai månad. Då ulukka skjedde og den skadde var blitt frakta bort, vart området rundt omn to stengt av, og både politi og Arbeidstilsynet jobba på ulukkesstaden gjennom føremiddagstimane tysdag. Området blei frigjeve att i løpet av ettermiddagen.

HMS-runde kvelden før

– Vi hadde full HMS-gjennomgang og gjennomgang av alle arbeidsoperasjonar med dei involverte seinast måndag kveld, fortel Carlsen, som ikkje vil spekulere i kva som har gått gale under arbeidsoperasjonen. Han kan heller ikkje seie noko meir spesifikt om skadene som mannen har fått.

Elkem Bremanger har i fleire år no vore forskåna for alvorlege arbeidsulukker. Det har vore lagt ned eit stort arbeid i styrking av alle typar HMS-prosessar. Men ulukka tysdag viser likevel tydeleg at arbeid i prosessindustri har sine faremoment, og at ein aldri heilt vil kunne fjerne alle faremoment i slike arbeidsprosessar.

Artikkeltags