"Frisør-Even» har stripa graset

STRIPER: Even Hamn hadde frisert bana slik at det kom fram striper etter kvar fem og ein halv meter.

STRIPER: Even Hamn hadde frisert bana slik at det kom fram striper etter kvar fem og ein halv meter. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

– Ok, banemeister Even Hamn, no må du fortelje oss hemmelegheita: Korleis får du til desse stripene på grasbana?

– Det er så enkelt at du legg graset kvar veg. Rullar du det ein veg blir det «kvitt» på eine sida medan det blir mørkare om du ser frå den andre sida.

– Korleis får du det så beint?

– Dei som klipper i Eliteserien seier at dei tar det på augnemål. Det torer ikkje eg, så eg brukte snor. Eg trekte ein tråd på tvers av bana og følgde den.

I PAUSEN: Banemann Even Hamn rehabiliterte straffeområdet i pausen av Obos-kampen mellom Florø og Elverum søndag.

I PAUSEN: Banemann Even Hamn rehabiliterte straffeområdet i pausen av Obos-kampen mellom Florø og Elverum søndag. Foto:

– Kva utstyr brukar du?

– Eg ventar på ein sylinderklippar som vi har bestilt med rullar, då kan då få slike striper automatisk.

– Ventar på? Kva har du brukt no?

– Jo eg har laga meg eit system der eg brukar kost og rull på same tid. Eg hadde jomfrufruturen på fredag, brukte berre eit par timar. Resultatet vart bra synest eg.  

– Forklar?

Eg har laga meg eit system som er litt mellom "Il Tempo Gigante" og ein kassebil

Even Hamn, banemeister Florø stadion

- Du har sikkert ein slik raud piassavakost på tunet ditt. Eg har tre slike set saman som ligg føre rullen eg dreg over graset. No køyrer eg over og legg graset ned med rull, og gir det ein ekstra kjemming med kostane. Det er ein innordning eg har mekka til, som er noko mellom «Il Tempo Gigante» til Reodor Felgen og ein kassebil. Minner kanskje mest om ein kassebil.

– Så når du får deg sylinderklippar så får du stripene automatisk?

– Ja i utgangspunktet, men eg har sett på enkelte baner oppe i seriesystema der strekane ser svake ut, så eg meinte det var best med kost i tillegg for å få eit markert skilje.

– Kan du ha forskjellige mønster på matta?

– Ja visst, eg tenkar å lage litt smalare mønster slik dei hadde på tippekampen tidlegare. Tottenham si heimebane White Heart Lane hadde 2.75 meter mellom stripene no for kort tid sidan. Dette hugsar eg var vanleg før i tida då eg følgde tippekampane frå England.

– Så du står fritt til å endre breidda på stripene?

– Ja i og for seg. Det kan kanskje vere ei overrasking korleis bana ser ut for publikum kvar gong dei kjem på heimekamp, det er jo litt artig. Internasjonalt lagar dei stripene på tvers i tillegg til på langs, men eg har ikkje publikum på kortsidene, så det kjem eg ikkje til å gjere med det første. Vi kan ikkje lage for mykje arbeid av det heller, avsluttar Hamn. 

Artikkeltags