Gå til sidens hovedinnhold

Elisabeth Hatlenes tilsett som Nordfjord-koordinator

Elisabeth Hatlenes (41) frå Davik i Bremanger er tilsett i ei nyoppretta stilling som koordinator og rådgjevar for Nordfjordrådet (regionrådet i Nordfjord). Hatlenes vil m a få ansvar for å følgje opp planar og vedtak i Nordfjordrådet, koordinere samarbeid mellom kommunar, næringsliv, utdanningsinsitusjonar og andre samfunnsaktørar i Nordfjord og delta i regionale utviklingsprosjekt.

- Samarbeidet i Nordfjord har dei siste åra styrka seg og er i dag meir omfattande enn nokon gong - ikkje minst innanfor utdanning, næringsutvikling, integrering og rekruttering. Eg er glad for at vi no får endå meir kraft i Nordfjord-samarbeidet ved at Elisabeth Hatlenes er tilsett i den nye stillinga som «Nordfjord-koordinator», seier ordførar i Stad og leiar i Nordfjordrådet, Alfred Bjørlo.

- Eg er svært motivert for å gå inn i den nye stillinga og arbeide for endå meir samarbeid og felles slagkraft i Nordfjord, seier Elisabeth Hatlenes. «Saman er vi sterke», er eit viktig livsmotto for meg. Eg har tru på ein sterk og attraktiv bu- og arbeidsregion i Nordfjord, uavhengig av kva kommune ein tilhøyrer. Vi må stå samla og arbeide saman om utfordringane vi kjem til å møte i tida framover, seier Hatlenes.

Elisabeth Hatlenes (41) er utdanna adjunkt, bur i Davik i Bremanger og er i dag lærar på Davik barne-og ungdomsskule. Ho har hatt eit breitt engasjement i samfunnsutvkling over mange år, mellom anna gjennom leiarverv i idrettslag, sanitetsforeining og politisk partiarbeid. Ho er pr i dag nestleiar i Fjordane Friluftsråd, styreleiar i Bremanger Hamn, leiar i Bremanger Høgre og kommunestyre- og formannskapsmedlem i Bremanger.

Hatlenes tek til i stillinga på nyåret 2022.

Kommentarer til denne saken