Då ho i september 2016 stod ferdig utdanna etter turnusteneste i Haugesund og i Tyrsvær, fekk ho tilbod om ei stilling ho hadde søkt på ved nevrologisk avdeling på Haukeland Sjukehus.

– Tilbodet kom med det atterhaldet at eg måtte vere på plass i løpet av to veker. Dermed pakka eg sakene, flytta til Bergen og byrja å jobbe der. Det var ei fantastisk avdeling å jobbe på - veldig kjekt! fortel ho.

Hjernen er evig interessant

Det var ikkje gitt frå starten av at det var nevrologi som skulle bli hennar fagfelt, men ho hadde lyst på eit felt som var breitt nok til at ein aldri kjedar seg.

– Eller blir utlært. Og det er noko fundamentalt interessant med å jobbe med sjølve hjernen. Der er framleis svært mykje forsking som må til. Det er nok dei som forventar at vi skal forstå alt ein dag, men når det gjeld hjernen trur eg ikkje det er realistisk å nokon gong «forstå alt». Likevel er det ei enorm utvikling med direkte konsekvensar for kva vi kan behandle, og det er veldig kjekt å vere med på, slår ho fast.

Ho nemner to diagnosar der ho allereie har sett utvikling på dei åra ho har jobba:

– Det gjeld multippel sklerose og pasientar som er kraftig plaga med migrene. I desse to diagnosegruppene er det veldig mange pasientar og mykje liding, men her har utviklinga vore utruleg som følgje av forsking. Vi har fått nye, effektive medisinar som gir eit heilt nytt liv for desse pasientane, og det er veldig kjekt å vere med på.

Ville heim

I 2020 fekk Seim ein son. Då melde det seg eit sterkt behov for å flytte tilbake til Florø.

– Det handla nok mest om kva ønske eg har for oppveksten hans. Eg ser på Florø som ein fin plass å vekse opp. Vi har stor glede av både leikeplass og turområde, her er nesten endelaust med ting å finne på i kvardagen. Her er mange moglegheiter eg aldri nytta meg av då eg gjekk på vidaregåande. Men no, med han som nett har blitt to år, er det kjekt å få opp auga for kor mykje som er ordna til i området her, smiler ho.

I utgangspunktet byrja Elin i ei vanleg stilling på nevrologisk avdeling ved sjukehuset i Førde og gjekk vakter der. Som lege i spesialisering - såkalt LIS-lege, går ein døgnvakter, ofte 25-26 timar. Det blei vanskeleg for henne, og ho kontakta arbeidsgjevaren for å høyre om det fanst andre løysingar.

– Og dei viste veldig stor vilje til å legge til rette på ein måte som fungerte for både avdelinga og for meg. Det var over all forventning, eg hadde nok aldri våga å be om noko slikt, men heilt frå tidleg start viste dei stor vilje til å tilrettelegge slik at det kan fungere bra, fortel ho.

For løysinga blei at Elin fekk jobbe poliklinisk ved Helse Førde på SMS-senteret i heimbyen.

– Hadde det vore berre for min del hadde det blitt feil, men det har vore til stor glede for pasientar som slepp å reise heile vegen til Førde, erfarer ho.

– Fungerer fantastisk bra

Hennar hovudmålgruppe er dei som har kortare reiseveg til Florø enn Førde. Dei kjem frå Måløy, Askvoll, sjølvsagt florøområdet innover til Eikefjord, men også lenger vekke frå.

– Då handlar det om ventelister, og kor det er best kapasitet. Det er det ein del som har nytta seg av, så det kjem nokre som har reist frå både Stryn og Eid, også.

Ho har gradvis jobba meir og meir i Florø, og har hatt nesten fulltid her sidan 1. mai. Ho pendlar framleis til Førde ein dag i veka for å jobbe på sengeposten der.

Og ho synest opplegget fungerer fantastisk bra.

– Ein kan jobbe på mange måtar; gå vakter, jobbe på sengepost eller poliklinisk. Eg opplever det som ei effektiv arbeidsform å jobbe poliklinisk - ein får arbeidsro og får fokusert på ein pasient i gangen. Så eg stortrivst med det og er veldig takksam for at eg har fått moglegheit til å jobbe med nevrologi her i Florø.

– Det vil seie at vi har fått ein fastbuande nevrolog i byen?

Med eit smil held ho opp kryssa fingrar.

– Det må vi iallfall håpe på. Det er jo Helse Førde sitt initiativ, og dei har vore villege til å satse litt og tenke utanfor det som har vore vanleg. Men eg håpar eg får halde fram!

Sjukehuset: – Vinn-vinn-situasjon

Avdelingssjef Signe Nordvik ved nevrologisk avdeling fortel at ein også tidlegare har hatt eit nevrologisk tilbod i Florø.

– Det hadde vi for nokre år sidan. Det var del av samarbeidsavtalen då Helse Førde flytta inn i lokalet på SMS at vi skulle gjere poliklinikken fleksibel, med ulike fagområde, fortel ho.

Det er også med på å gi eit godt og nært tilbod til folk langs kysten.

– Det er gode båtsamband frå både nord og sør, så pasientane kjem seg også heim, og slepp å køyre til Førde. Så no, når det passa slik at Elin kunne ha poliklinikk i Florø, så har vi det, slår ho fast, og legg til:

– Folk frå Naustdal og Førde kan sjølvsagt også reise til Florø - avstanden er jo ikkje lenger der, enn den er andre vegen.

Ho peikar også på at det er viktig å ha eit nært og godt samarbeid med eit stort legekontor.

– Det er kort veg, så det er lett å møtast og snakke om, eller med, pasientane. Elin kan delta i undervisning saman med legane der, eller undervise dei. Vi veit ikkje kor lenge vi kan ha det slik, men vi må vere fleksible, og dette er ein vinn-vinn-situasjon.