Eliasbåten treng di redning

Frå dåpen av Eliasbåten i juli i fjor. No finn ikkje Martin Malkenes i Redninsselskapet nøkkelen til hengaren. Arkivfoto.

Frå dåpen av Eliasbåten i juli i fjor. No finn ikkje Martin Malkenes i Redninsselskapet nøkkelen til hengaren. Arkivfoto.

Artikkelen er over 5 år gammel

Det blir knotete å få den vesle redningsskøyta ut frå "Lunvik" inntil vidare.

DEL

Redningsselskapet finn nelmeg ikkje nøklane til hengaren der den populære Eliasbåten i Sogn og Fjordane bur.

- Nøklane har forsvunne anten på Fugleskjerskaia, om bord på Fjordglytt eller på Askrova før eller etter helga, seier distriktsansvarleg Martin Malkenes i Redningsselskapet Sogn og Fjordane.

I slike situasjonar kan verken Tråle, Sjarke eller Krana hjelpe Elias. Men du kan.

- Den lille redningsskøyta Elias treng nøkkel for å kunne glede barn i heile fylket i sommar, så om nokon finn den set vi stor pris på å få den attende, seier Malkenes. Sjå bilde av nøkkelhanken nederst i saka.

Han kan nåast på mobil 476 67 267.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken