Elevane i Kinn får fjernundervisning – ein del får også tilbod på skulen

FLORØ: Skular og barnehagar i Kinn kommune er no stengde, men kommunen lovar både fjernundervisning og eit tilbod på skulen for barn med foreldre som har samfunnskritiske jobbar.

DEL

Skular og barnehagar i Kinn kommune er no stengde. Elevar i barneskulane (1. til og med 7. klasse) og i barnehagane med foreldre i samfunnskritiske funksjonar skal likevel få tilbod om opplæring på skulen. For alle andre blir det lagt til rette for fjernundervisning.
Ungdomsskulane er stengde, men skal også gjennomføre fjernundervisning.

Barn med spesielle omsorgsbehov som har tilbod etter lov om helse og omsorgstenester skal framleis ha tilbodet sitt ved barnehagen/skulen.

Det melder Kinn kommune si beredskapsleiing fredag ettermiddag.

Får informasjon frå skulen

Skulane førebur no å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning. Det er den enkelte skule som vil informere meir om korleis det vil gå føre seg. Heimane vil difor få informasjon direkte frå den enkelte skule.

– Det er kome spørsmål om det er nok at ein av foreldra har ein kritisk samfunnsfunksjon, eller må begge ha det? Vi har tatt problemstillinga opp med fylkesmannen i møte i dag. Det vert ikkje stilt spesifikke krav til at begge foreldra må ha ein slik funksjon. Det er opp til den enkelte kommune å utvise skjøn i kvart enkelt tilfelle, melder kommunen.

– Meld inn behov for barnepass

– Vi treng oversikt over familiar som har behov for pass av barn. Din arbeidsgjevar må stadfeste at du har ein kritisk samfunnsfunksjon. Du må òg sjekke ut om det er andre som kan passe barna i denne perioden (partnar/familie). Intensjonen her er å hindre smitte så godt som mogeleg, skriv beredskapsleiinga.

Kvar enkelt må ta kontakt med sin barnehage eller skule før kl. 13.00 måndag 16. mars, slik at kommunen får oversikt over behovet.

– Vi vil ha eit tilpassa tilbod til dei det gjeld frå og med tysdag 17. mars, melder Kinn.kommune.no.

Kva er «kritiske samfunnsfunksjonar»?

Kinn kommune vil gje barnehagetilbod og skuletilbod til barn opp til og med 7. klasse, med foreldre som har «kritiske samfunnsfunksjonar». Men kva er kritiske samfunnsfunksjonar, og kven har rett på tilbod om opplæring/barnepass?

I følge regjeringa er mellom anna helse og omsorg ein slik funksjon, vatn og avløp, transport, IKT-tryggleik og finansielle tenester.

Rådmann Terje Heggheim seier til Firdaposten at dei vil fortløpande vurdere kva arbeidstakarar som faktisk høyrer inn under dette.

RÅDMANN: Terje Heggheim.

RÅDMANN: Terje Heggheim. Foto:

– Det vil nok endre seg etter kvar som situasjonen endrar seg. Dette begrepet vil ha ulikt innhald etter kvart som tida går, og ulikt frå kommune til kommune.

– Kan du seie noko meir detaljert om kven dette vil gjelde? Skal til dømes absolutt alle som jobbar i helse og omsorg i Kinn kommune ha barna sine på skule/i barnehage framleis?

– No i utgangspunktet er vi lojale mot regjeringa sin definisjon. No er vi på første dagen med stengte skular, og per i dag har vi ikkje oversikt over kor mange barn dette vil gjelde.

– Viss dette gjeld alle arbeidstakarar i alle desse kategoriane, så vil det bli veldig mange barn som framleis skal ha tilbod?

– Det kan vere at det blir høge tal. No har vi bede folk om å melde inn behov innan måndag, og då vil vi ta ei vurdering ut ifrå det.

Regjeringa har definert 14 ulike yrkesområder å vere "kritiske samfunnsfunksjonar". I Kinn har ein i tillegg lagt til reinhaldarar.

– I Kinn kommune er denne gruppa utvida til også å gjelde reinhaldarar. Dei har ein viktig funksjon i høve hygiene og såleis hindre smittespreiing. Reinhaldarar med barn i barnehage skal såleis ha eit barnehagetilbod. Det same gjeld skuletilbod; 1. til og med 7. klasse, melder kommunen.

Kritiske samfunnsfunksjonar:

Forsvar

Lov og orden

Helse og omsorg

Redningsteneste

IKT-tryggleik i sivil sektor

Natur og miljø

Forsyningstryggleik

Vatn og avløp

Reinhaldstenester

Finansielle tenester

Kraftforsyning

Elektroniske kommunikasjonstenester

Transport

Satellittbaserte tenester

Apoteka



Artikkeltags