Den som testa positivt er elev på Flora vidaregåande skule. Difor har smittevernoverlege i Kinn, Jan Helge Dale, i samarbeid med skulen bestemt at mellom 60–70 elevar skal ha heimeundervisning frå torsdag av.
– Vi har no ein smittesituasjon. Den kjem austanfrå etter vinterferien. Vi fekk faktisk ikkje kontakt med kommunen på Austlandet før vi sjølve tok kontakt. Men no har vi meir oversikt. Personen som kom på besøk i frå Austlandet, og som viste seg å vere smitta, etterlot seg elleve nærkontakter i Florø, og ein av dei har no testa positivt, seier Dale.
Ny sporingsrunde
Dei har no testa elleve nærkontaktar til den smitteførande som kom på besøk til Kinn. Ein av desse elleve har no testa positivt på korona. Alle dei 11 nærkontaktane er i karantene.
– Vi startar no på nytt med utgangspunkt i den smitta eleven ved Flora vidaregåande skule. At vedkomande er skuleelev, gjer det litt utfordrande, seier Dale.
- Men vi har no, som eit førebyggande tiltak, tilbydd heimeundervising for ein del av klassane som er aktuelle. Det er slik at elevar har ulike fag i ulike klassar. Difor har vi no teke i, og vi tilbyr at alle dei klassane som er aktuelle skal halde seg heime til vi har fått oversikt, seier Dale.
Tek høgde for mutert virus
Elevar det gjeld har allereie blitt kontakta, og nokre av dei elevane skal testast. Det er ikkje tatt stilling til kor mange som skal testast.
– Vi er som vanleg tidleg ute, og vi skal ikkje gjere dette til noko større enn det er. Som eit førebyggande tiltak skal om lag 60–70 elevar halde seg heime. Vi er sjølvsagt budd på at det blir eit gedigent informasjonsbehov ved eit slikt tiltak, men det er viktig å streke under at ved å sette mange elevar i heimeundervisning er eit føre var-tiltak. Vi slår til med hov her, så det er ikkje noko grunn til at vi torsdags morgon skal bli nedringt av folk som fryktar for smitte. Vi tek høgde for meir smittsame virus som sirkulerer på Austlandet no, difor lar vi så mange elevar halde seg heime, avsluttar Dale.