Ber politikarane halde løfta om eldreomsorga

Jostein Midtbø

Jostein Midtbø Foto:

FLORØ: Eldrerådet ber Kinn-politikarane om å halde lovnadene sine frå valkampen, om å løfte pleie- og omsorgstenestene i kommunen.

DEL

Flora eldreråd har fått orientering om rådmannen sitt framlegg til budsjett og handlingsprogram for Kinn kommune dei kommande åra. Kommunalsjef Norunn Stavø stilte for å informere rådet på møte 19. november, og der var det spesielt fokus på pleie- og omsorgstenestene.

Etter orienteringa signaliserte eldrerådet at dei er bekymra for korleis det skal gå med desse tenestene framover. Dette går fram av eit referat av vedtaket eldrerådet gjorde i møte;

– Vi forstår det slik at rådmannen sitt framlegg er svært stramt, også når det gjeld pleie- og omsorgstenestene . Slik har det vore i fleire år i Flora. Dette har ført til store budsjettoverskridingar kvart einaste år. Dette er svært uheldig for tenestene, aller mest for dei pleietrengande, men også for dei tilsette, påpeika leiar Jostein Midtbø i eit framlegg til uttale om budsjettet.

Han fremja forslag om at eldrerådet skulle sende signal til politikarane i deira vidare budsjetthandsaming.

– Eldrerådet ber Kinn kommunestyre om å auke budsjettramma til pleie- og omsorgstenestene, – eit minimumskrav må vere at dei føreslegne rammene ikkje blir redusert, står det vidare i uttalen frå Midtbø.

– Medlemer av eldrerådet var til stades i møte i regi av Flora Pensjonistlag på Havglytt den 24. august. Sentrale politikarar i Flora, som no er politikarar i Kinn, gav her klart uttrykk for at tenestene måtte løftast. Vi reknar med at dei står ved det dei gav uttrykk for i valkampen, avslutta han.

Midtbø sitt framlegg vart samrøystes vedteke, og uttalen vert sendt som vedlegg til kommunestyrepolitikarane si budsjetthandsaming i desember.

Artikkeltags