Inviterer til debatt om eldreomsorga

Reidun Espeland

Reidun Espeland Foto:

FLORØ: Fredag stod Reidun Espeland fram i Firdaposten og fortalde om det ho meiner er uverdige forhold på Furuhaugane omsorgssenter. Torsdag blir det ope møte og debatt med lokalpolitikarane.

DEL

Espeland fortel i Firdaposten om opplevingane sine då sambuaren Dagmund Madsen fekk slag, og vart innlagt på Furuhaugane omsorgssenter. Der har han no ligge i to månader, på eit tremannsrom.

Espeland er leiar i Flora pensjonistlag, og no inviterer dei til ope debattmøte om den framtidige eldreomsorga i Kinn kommune.

Reidung og pensjonistlaget ber politikarane om svar på kva dei vil gjere med pleie- og omsorgssektoren framover. Alle partia er invitert til debattmøtet på alderssenteret Havglytt førstkommande torsdag klokka 18.

– Eg trur ikkje det er mange av politikarane som har vore på Furuhaugane, og veit korleis det eigentleg er der. På dette møtet håpar eg dei vil fortelle kva planar dei har for pleie og omsorg i Kinn, for sjukehusbygget i Florø, og kva dei vil prioritere. Dette er lovpålagte oppgåver, og tilbodet må vere anstendig og verdig. Det er ikkje det i dag, seier ho.

Førebels er det fire parti som har sagt at dei kjem. Høgre kjem med både toppkandidat Morten Hagen og Arlene Vågene, Partiet dei Kristne kjem med toppkandidat Mindor Tonheim, Jan Arve Midtbø frå Sp kjem og toppkandidaten i MDG Odd Bovim kjem.

– Møtet er ope for alle, og eg håpar så mange som mogleg kjem. Og at ein stiller spørsmål til politikarane, seier Espeland.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags