Eldreinstitusjonane i Kinn kommune er no stengde

KORONA: Det melder Kinn kommune i ei pressemelding seint laurdag kveld.

DEL

Oppdatering:

Søndag føremiddag melder kommunalsjef Norunn Stavø at også den kommunale avlastninga for barn, Miljøhuset og dagtilbodet for eldre stenger frå og med måndag 16. mars og to veker framover.

Vi har no stengt dei tre institusjonane våre, Furuhaugane, Flora omsorgssenter og Kulatoppen for besøkande, skriv kommunalsjef for helse og velferd, Norunn Stavø i pressemeldinga.

Og vidare:

«Helsedirektoratet har komme med oppdaterte anbefalingar for å redusere faren for å få smitte inn på helseinstitusjonar. Pasientane som bur på våre institusjonar er i den gruppa som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke om dei vert smitta av koronaviruset.

For å redusere risikoen for at desse pasientane skal bli smitta er det no nødvendig å stenge institusjonane heilt.

Det betyr at verken pårørande, frivillige eller andre som bidreg med aktivitetar på institusjonen får komme inn.

Det vil likevel bli gjort unntak dersom det er pasientar som er svært sjuke slik at pårørande kan få komme inn til dei. Med det vert då etter strenge kriterium.

Vi beklagar dette på det sterkaste, og veit at det vert vanskeleg både for pasientane våre og for dei nære pårørande. Men vi må følge retningslinjene frå Helsedirektoratet for å hindre smitte inn på institusjonane så godt som det lar seg gjere.»

Når det gjeld stenginga av avlastningstenesta, Miljøhuset og dagtilbodet for eldre, peikar Stavø på at også mange i desse gruppene har auka risiko ved sjukdom.

– Difor stenger vi for ikkje å samle brukarane våre tett, slik at dei blir meir utsette.

Stavø fortel at ein forsøke vil spreie bemanninga som normalt er på Miljøhuset på bustadane i omsorgstenesta, etter som dette er ei gruppe som er ekstra avhengig av tenestene dei får på Miljøhuset.

– Men vi veit vil få mangel på helsearbeiderar så vi ber om at pårørande hjelper til, seier Stavø, og legg til at det er krisetider no.

– Då vi må prøve å styre personalet dit vi treng dei mest.


Artikkeltags