Tysdag kveld kom årsresultatet for Havila Kystruten AS, og i børsmeldinga blei det svært så tydeleg at 2021 ikkje var noko jubelår for reiarlaget som i lag med Hurtigruten ASA leverer båttenester på "Riksveg 1", kyststrekninga mellom Kirkenes og Bergen.

Årsresultatet for selskapet viser eit underskotpå dryge 110 millionar kroner, mot 42,7 millionar i 2020. Reiarlaget blei tildelt ein tiårskontrakt med Samferdsledepartementet på å drive fire skip på strekninga dei neste ti åra. Oppstarten var i desember 2021.

- Vi er eit selskap i oppstart, og hadde berre operasjonell drift nokre veker i 2021. Difor er tala som forventa, seier administrerande direktør Bent Martini i ei pressemelding.

Han spår at resultata skal bli betydeleg betre når reiarlaget er operative med fire nye miljøvenlege fartøy langs kysten, og strekar samtidig under at selskapet sin finansielle posisjon er god med ein god eigenkapital.

Sanksjonar hindrar ferdigbygging av Havila Kystruten sine skip

Kystruteskip stranda i Bergen: Kom ikkje til Florø onsdag

Staten har spart millionar på Havilas problem