Skriftlege og munnlege eksamenar i ungdomsskule og vidaregåande skule blir avlyste. – Altfor tidleg, meiner Høgre, medan SV seier avgjerda kjem altfor seint.

Det var inga enkel avgjerd, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap), som likevel landa på at eksamen for tredje år på rad må avlysast.

– Eg meiner eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga, og vi skal ha eksamen i norsk skule i det vidare. Men eksamen utgjer omtrent 20 prosent av sluttvurderinga på vitnemålet til elevane, og eg meiner at ei avlysing no gir betre tid til å jobbe med dei resterande 80 prosentane etter to spesielle år, seier Brenna.

Dermed følgjer regjeringa tilrådinga frå Utdanningsdirektoratet, som gjekk ut på å avlyse både skriftleg og munnleg eksamen for grunnskulen og vidaregåande opplæring. Bakgrunnen er at smitteverntiltaka har gitt elevane ulik undervisningssituasjon på ulike stader i landet. Det er, som i 2020 og 2021, gjort unntak for privatistar og kandidatar som må ta eksamen for å bestå faget.

For tidleg og for seint

SV gir Brenna ros for avgjerda, men meiner ho burde vorte teke tidlegare.

– Dette er gode nyheiter, men det skulle òg berre mangle. Vi snakkar om ei gruppe med elevar som knapt nok har vore i klasseromma sine på fleire år, seier utdanningspolitisk talsperson Freddy André Øvstegård.

Høgre er derimot misfornøgd og meiner Brenna har burde sett an situasjonen. I det minste burde ho venta med å avlyse munnleg eksamen, meiner utdanningspolitisk talsperson Jan Tore Sanner.

Det er særleg uheldig at regjeringa ikkje prioriterer eksamen for avgangselevane, meiner han.

– Dei som skal byrje på høgare utdanning til hausten, har gått gjennom heile vidaregåande utan eksamen, som for mange kan vere eit krevjande utgangspunkt, seier Sanner.

Venstre-leiar og tidlegare kunnskapsminister Guri Melby påpeikar at tidlegare eksamensavlysingar hang saman med smitterisiko og sjukefråvær. Det er ikkje tilfellet denne gongen.

– Viss regjeringa verkeleg meiner at elevane ikkje har tid til eksamen om dei skal rekke å lære det dei skal, må dei omgåande komme med andre tiltak for å ta igjen tapt læring. Tiltak som monnar, seier ho.

Viktig med rask avklaring

Brenna understreka at avgjerda er teken etter råd frå ei rekkje aktørar. I tillegg til Utdanningsdirektoratets vurdering, har ho hatt møte med KS, fylka, statsforvaltarane og dessutan elev- og lærarorganisasjonar.

Både elevorganisasjonane og Skolenes landsforbund har bede Brenna avlyse. Dei har òg etterspurt ei rask avgjerd, og det har òg vore viktig for regjeringa, understreka Brenna. Ho trur skulane og elevane med dette vil få ro til å konsentrere seg om undervisninga i det som står att av skuleåret. – Ulempa er at vi ikkje heilt veit korleis situasjonen vil vere om tre månader. Men skulen treng føreseielegheit og ro meir enn nokon gong, seier ho.

– Ikkje slapp av

Brenna kom med ei tydeleg melding til elevane om at dette ikkje er eit høve til å ta det med ro og la vere å jobbe med skulearbeid.

– Dette er ikkje ein beskjed om at elevane kan slappe av, tvert imot. Dette er eit forsøk på å gi deg tid til å jobbe skikkeleg med skulen fram til ferien, seier ho. Også foreldra fekk beskjed om å følgje opp og motivere ungdommane heilt til skuleslutt. Brenna gjorde greie for at Kunnskapsdepartementet òg har vurdert ulike mellomløysingar, men at desse heller ikkje ville gitt ei rettferdig ordning som tok omsyn til at elevar på ulike stader i landet har hatt ulik læringssituasjon dei siste to åra.

Studieopptak som normalt

Opptak til høgare utdanning vil gå føre seg som normalt, på same måte som i fjor og året i førevegen. Brenna trur avgangselevar frå vidaregåande skule vil vere fagleg førebudde.

– Det er òg sånn at det er heildagsprøver, tentamenar og andre typar prøver elevane er gjennom sjølv om det ikkje er eksamen. Så nokre eksamensliknande situasjonar skal mange gjennom. Men dette er éin av dei tinga vi har tenkt veldig nøye igjennom, seier ho.

Høyring

Forslaget frå regjeringa skal ut på høyring før den endelege avgjerda blir teken. Brenna seier det alltid er bra å få høyre innvendingar, men at regjeringa har lagt fram løysinga dei meiner er den beste.

– Heldigvis lever vi i eit demokrati, og det betyr at vi sender ting på høyring. Det er eg veldig glad for, for det er òg eit uttrykk for normalitet på veg ut av ein pandemi. Vi legg det ut på høyring for å få alle innvendingane. Det er alltid bra når ein tek ei avgjerd, seier Brenna til NTB.

– Men tilrådinga til regjeringa til oss alle, og førebelse avgjerd, er at vi skal avlyse eksamen.