Gå til sidens hovedinnhold

Eitt nytt koronatilfelle i Kinn

Onsdag analyserte Helse Førde 315 koronaprøver. Fem av desse viste seg å vere positive.

Det melder helseføretaket på heimesidene sine.

Prøvetakingskommunane for dei positive prøvene er Hyllestad, Gloppen, Sogndal, Luster og Kinn.

Koronaprøva knytt til Kinn kommune kjem i tilknyting til arrangementet på Askrova, melder Fjordenes Tidene.

– Vedkommande var ikkje på sjølve festen, men var nærkontakt, opplyser kommuneoverlege Jan Helge Dale til avisa. Den smitta er i tillegg vaksinert. Vedkommande har moderate symptom.

Dale fortel at 2–3 nærkontaktar no vil bli testa vidare, men han reknar ikkje med at dette vil føre til noko vidare smitte i lokalsamfunnet.

Kommentarer til denne saken