Tempopodden feirar vel overstått eittårsdag, og dette må sjølvsagt markerast i storslått stil. Festansvarleg i FK Tempo, Ole-Kristian Berg Seljeseth, har tjuvstarta feiringa, men trosser både tømmermenn og nervar for å vere gjest i studio. Som om ikkje det er nok, er den stortingsaktuelle Tempo-entusiasten Erlend Bøe med på link ifrå Tromsø, for å ta del i den grandiose, men likevel Korona-vennlege, åremålsdagen.
I dagens episode, får ein mellom anna høyre kvifor Eikefjord IL har vert i kontakt med Benjamin, kven Ole lanserer som ny trenar for FK Tempo, korleis Kristian ville klart seg i den norske versjonen av Gärdsgårdsserien, kva som er bakgrunnen for Buamannen sitt fråvær dei siste vekene, og kor mange tilhøyrigheitar som held til i Erlend Bøe sitt genbasseng.
I tillegg til dette, får ein svar på korleis Ole, Kristian og Benjamin ville handtert eit ublidt møte med velutstyrte menn i ei mørk bakgate.
Du finn podcasten her:
Eller på Spotify og dei fleste andre plassar der podcastar samlar seg