– Eg har alltid fått høyra «han Bjørn, han er flink». Og så sit eg der og er ikkje god for noko som helst. Det unner eg ingen.
På bordet framom Bjørn Sølsnæs ligg ein sikspens av tweed. Den er spesialbestilt frå England. Han går ikkje mange stader utan den på hovudet.
Utanom når han er på jobb. Då er det arbeidsbuksa og genseren med Byggmix-logoen på ryggen som gjeld. Det vart trappa ut av den djupe dalen han var i for nøyaktig eitt år sidan.
– Det er dagar som er tunge til å byrja med. Men det å vera på jobben, og treffa kundane, det løfter meg opp. Då kviknar eg til.
Flink fyr
Bjørn Sølsnæs er frå Hermansverk. Ikkje Leikanger. Det er viktig. Sjølv om han bur der no, i Ytrebygdi. Det har alltid vore viktig for 27-åringen, identiteten i staden han er frå.
– Bygda er viktig for meg. Det er noko med landskapet ein har trakka i heile livet. Og folka ein har rundt seg, som eg kjenner. Og dei kjenner meg.
Det er mange av dei som slår av ein prat med Bjørn når dei treffer på han. Denne unge fyren som meiner mykje, om politikk og det offentlege ordskiftet. Som er talefør og språksterk. Som drikk kaffi med karane på kroa.
Han er også ein som køyrer på til det ikkje går lenger. Slik dreiv han på i tre år i arbeidslivet, som journalist i Sogn Avis og Porten. Han jobba det han makta, til kropp og hovud sa stopp.
Han kara seg opp att. Og heldt fram, til det vart stopp igjen. Så byrja leiken på igjen.
– I fjor på denne tida var eg heilt på botn. Det hende nokre gonger i året gjennom den tida eg var journalist, at eg var ute av drift i nokre veker. Stress og tap av krefter som akkumulerte seg. Det var alltid ein viss turbulens, sjølv om det gjekk bra til tider. Hausten 2021 byrja med ei slik sjukmelding. Eg har alltid brukt å kvikna til att.
Denne gongen vart ikkje Bjørn betre. Berre verre.
Bygga nye rammer
– Jula i 2021 fann eg ut at eg ikkje kunne gå tilbake til jobben. Det å levera noko kreativt på samlebandproduksjon i pressa, det var drepande for meg. Det går berre når eg er på topp. Men det må gå heile tida. Eg måtte driva med noko anna.
– Korleis var det å komma fram til den avgjerda?
– Det var mange tunge rundar. Når eg først kom fram til at eg uansett skal sikta mot noko anna, var det godt. Då byrja eg det nye året med blanke ark. På botn, men med blanke ark.
Sølsnæs byrja å fylla ut dei blanke arka med det som gjer han godt. Drikka kaffi med karane på Fjordkroa, så lenge den var open. Bruka tid med vener og familie. Sjå på dansk film og fjernsyn.

Birthe har sendt julekort til Leikanger kvart år, men har aldri fått svar – det skal Bjørn gjera noko med
– Kvifor dansk?
– Eg har alltid likt danskane sin veremåte. Dei er opne, ærlege og trivelege. Og eg likar dansk språk. Dei fleste er sikkert ueinige med meg, men eg tykkjer det er utruleg vakkert. Eg måtte ha noko å engasjera meg i.
Utover våren kom kreftene att, sakte men sikkert. Bjørn kunne tenkja framover.
Inn i desse rammene kom også ein diagnose. Den skulle visa seg å vera viktig for å finna riktig retning.
– Når ein byrjar med blanke ark får ein moglegheit til å bygga nye rammer i livet, som ein trur på. Finna ut kva ein står for. Kva som er viktig.
– Eg har aldri brydd meg med å få ein diagnose
Dei høge toppane og djupe dalane har alltid vore ein del av den Bjørn er. Etter berg-og-dal-bane-åra sidan 2018, byrja tankane å melda seg om at det kanskje var ein grunn til at han hamna på botn gong på gong.
– Eg har aldri brydd meg med å finna ut om eg har ein diagnose, sjølv om vener som sjølve har ADHD har nemnt det for meg. Eg har kjent meg annleis i mange samanhengar, og eg ser at eg fungerer litt annleis enn mange andre. Men me menneske er jo ulike.
No gjekk Bjørn til doktor og bad om ei utgreiing. Tilbake fekk han ei ADHD-diagnose. Diagnosen betyr ulike ting for ulike menneske, men for mange er den kjenneteikna av at ein er hyperaktiv, impulsiv eller har konsentrasjonsvanskar.
For Bjørn betyr diagnosen ein sjanse til å forstå kvifor avstanden mellom korleis han har det når han er på topp og botn, er så stor for han.
– Eg vart glad då eg fekk diagnosen. Det gav meg svar. Og håp om å få betre verktøy, slik at eg kan innretta livet betre.
Ny retning
Eit av verktøya Bjørn har teke i bruk sidan då, er å lista opp kva som var viktig for han i arbeidslivet. Stabilitet. Ikkje kveldsarbeid. Ein jobb i heimbygda, for å sleppa pendling, og arbeid som er variert og sosialt.
– Eg tok mot til meg, gjekk inn døra og spurte om eg kunne få jobb. Eg var maks heldig med timingen, og fekk byrja med ein gong, fortel han.
Det var døra på byggjevarehandelen Coop Byggmix han banka på. Der tok leiar Terje Marøy imot Bjørn med opne armar. På trelastlageret fekk han opplæring av handverkarane.
– Der hadde eg ikkje like mykje å utretta som i butikken. Det var først der eg blomstra. Eg lærer noko nytt kvar dag. Dei gode kollegaene og kontakten med kundane er det som gir energi.
Endeleg på plass i ei rolle som gav den tryggleiken han trengte i kvardagen, landa Bjørn i fast stilling. Frå fyrste veka i januar i 2022 til første veka av det nye året, er det ei verd av forskjell.
– No er eg der eg håpte eg skulle vera. Og litt til.
– Mange seier at no er det så gale at det ikkje kan bli verre. Mitt motto er blitt at det kan alltid blir verre. Det finn eg trøyst i. Då må ein gleda seg over alt som er bra her og no. Då får ein det fort betre.
Støtte frå fleire kantar
Året han har lagt bak seg, vart samanfatta i ei historie på Facebook. Det resulterte i «kaldigt» med reaksjonar, fortel Bjørn.
– Det var likes og hjarter og kommentarar og meldingar frå folk. Eg blir litt overvelda. Det bekreftar også det eg har erfart så langt, at dei folka eg har rundt meg i bygda og livet elles betyr mykje. Det har alltid vore naturleg for meg. Nokon har uttrykt at det er modig å vera så open. Men eg føler meg ikkje modig, eg gjer berre det som fell naturleg for meg.
Det er det som gjer livet godt, både når ein er på topp og på botn, fortel han. For det er kanskje litt uvanleg at folk svarer «det går dårleg» når ein blir spurt korleis ein har det.
Ærlegdommen har opna døra til fleire historier.
– Nesten alle har opplevd nok slikt. Men det kjem først for mine øyre når eg nemner mitt. For meg er det lettare å slappa av når eg kjenner at folk forstår meg. Uansett om eg har det bra eller mindre bra. Men no har eg det betre enn nokosinne.