Debatt Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Kinn Høgre har bestilt ei politisk meiningsmåling i Vågsøy og Flora. Eg vart sjølv oppringt og gav mine svar på kva parti eg ville ha røysta dersom valet var den dagen – og kven eg kunne tenkje meg som ordførar i kommande Kinn.
Det er tydelegvis fleire enn meg som har vore spent på resultatet av denne meiningsmålinga. Eg spurde difor leiaren i Kinn Høgre for ei tid tilbake kor tid resultatet vil ligge føre. Ho bekrefta at det var klart, men ho sa også at det Høgre ikkje hadde bestemt seg kor vidt dei ville offentleggjere resultatet.
Kjære Morten Hagen! Dette kan de ikkje vere bekjente av. Kvifor i all verden går de hen og bestiller ei meiningsmåling for så i neste omgang å halde resultatet hemmeleg?
Mitt råd til deg er eintydig: Offentleggjer resultatet! La folket i Vågsøy og Flora få vite korleis den politiske temperaturen er.
Du må då forstå at dersom de held dette hemmeleg så vil vonde tunger hevde at dette etter kvart føyer seg inn i ein tradisjon i Høgre: først bed ein om folk sitt syn, så, dersom ein ikkje likar resultatet snur ein berre ryggen til det etterpå. Er de kjappe i avtrekket no så vil de forhindre at dei som har slike mistankar får vatn på mølla.